Gå til hovedinnhold

Rom for omsorg

Dei fleste bustadar og institusjonar vi skal bu og få helse- og omsorgstenester i dei neste tiåra er allereie bygde. Det gjeld fyrst og fremst dei private bustadane, men det gjeld også dei om lag 40 000 sjukeheimsplassane og dei om lag 50 000 bustadane til omsorgsformål, som eigast eller leigast ut av kommunane. Dette er heimane til både yngre og eldre som treng tilbod om heildøgns pleie og omsorg, skriv Kjersti Toppe.

- av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant Sp og fyrste nestleiar i Stortingets helse- og omsorgskomite

Ein viktig del av det å planlegge for morgondagen si eldreomsorg, handlar om å gjere bustadar gode å bli gamle i. Det handlar om at bustadmassen må bli modernisert og tilpassa behova til framtida si omsorgsteneste. Då må det ikkje berre byggast nytt. Det må også leggast til rette for at eksisterande bustadar og institusjonar kan fornyast.

 

Halvparten av landet sine omsorgsbustadar og sjukeheimar blei enten bygd eller totalrenovert i perioden 1998-2007. Då blei det gjennomført ein statleg handlingsplan for eldreomsorga (eineromsreforma). Den andre halvparten av dei om lag 90 000 institusjonsplassane og bustadane som finns, har no stort behov for fornying og utskifting. Kartlegging syner at det vil koste kommunane 37 milliardar kroner å modernisere eksisterande bygningsmasse som brukast til heildøgns omsorg til eit tilfredsstillande, funksjonelt nivå (KS, 2017).

 

Difor var det eit ekstremt dårleg forslag den blå-blå regjeringa kom med i fjor. Då føreslo dei å kutte den statlege tilskotsordninga til rehabilitering av sjukeheimar og omsorgsplassar. At Venstre kom inn i regjering og FrP fikk sin «eldreminister», hjelpte ikkje. I regjeringsplattforma blei det igjen slått fast at dette tilskotet skulle vekk. 

 

Men det beste med dagens regjering er at den ikkje har fleirtall i Stortinget. Senterpartiet fekk nyleg resten av opposisjonen i Stortinget med seg på å danne fleirtall mot regjeringa sin ukloke eldrepolitikk. Mot stemmene til FrP, V og H vedtok Stortinget den 13/2 at tilskotet skal vidareførast. Senterpartiet har fått veldig mange tilbakemeldingar frå glade ordførarar, rådmenn og kommunepolitikarar på vedtaket. Slik kan dei få halde fram arbeidet sitt med å rehabilitere eldreinstitusjonar og omsorgsbustadar, og slik bygge rom for god eldreomsorg.