Meny
helsebygg---eldre---omsorg_26331482769_o

Røynda i kommunane

Publisert: 12 08 2021

Høgres Henrik Asheim har i lesarinnlegg over heile landet freista gje inntrykk av at Senterpartiets merksemd kring trongen for å styrka kommuneøkonomien er ein bløff. Sjølv om mange lokalpolitikarar kjenner på stram økonomi i kvardagen, meiner Asheim at økonomien i kommunane er solid, skriv Nils T. Bjørke.

- av Nils T. Bjørke, stortingsrepresentant Sp i Hordaland

Grunngjevinga for den solide kommuneøkonomien er det Astrup kallar «dundrande overskot» og ei auke i pengane kommunane har på bok. Dette er ei omskriving av kommuneøkonomien som ikkje syner om økonomien er berekraftig på sikt.

Det årlege overskotet i kommunane går ikkje til profitt for ein eigar, men til å sikra dei kommuale tenestene framover. Det vert sett av til naudsynte investeringar i nye skulebygg, barnehagar og eldreheimar. Om kommunane har nok pengar på bok avheng av kva det er naudsynt å investera i. Difor er både statsforvaltarane, Riksrevisjonen og kommunesektorens eigen organisasjon einige om at ein sunn kommuneøkonomi heng saman med både det årlege overskotet, pengane på bok og kor mykje kommunane har i gjeld.

Om ein ser på auka i gjelda i kommunane er det grunn til uro. Om ein tek omsyn til gjelda har om lag halvparten av kommunane begrensa handlingsrom i økonomien. Nesten kvar sjette kommune har lite økonomisk handlingsrom.

Senterpartiet ynskjer sterke kommunar som kan ta sjølvstendige val og driva gode tenester lokalt. Då må kommunane ha ein trygg økonomi. Senterpartiet vil ta stoda i kommunane på alvor og styrka dei, framfor å triksa med tal.