Senterpartiet foreslår i trontaledebatten å setje i gong prosessen med kjøp av nye stridsvogner. Senterpartiet ber Regjeringa sikre at prosjektet med kjøp av nye stridsvogner til Hæren startar i løpet av 2018.
Ved handsaminga av Landmaktproposisjonen vart det stadfesta at landmakta i Noreg framleis skal ha ein hær basert på stridsvogner. Hæren skal vera rusta til å handtera offensive, defensive og stabiliserande operasjonar. Trass i at Regjeringa har stadfesta at dette skal vere gjeldande doktrine ynskjer dei å utsetje kjøp av nye stridsvogner til etter 2025.
LEO2A4, som er stridsvognene Noreg har i dag, vart kjøpt brukte frå Nederland i 2003 og er i realiteten vogner frå 80-talet. Nyleg kom det fram at Regjeringa ynskjer å behalde stridsvognene i minst 10 år til. Dette vil, i følgje Hæren, koste fleire hundre millionar og er ikkje ei fornuftig avgjerd. Vår raudgrøne regjering tok avgjerda om å fornye stormpanservognene til Hæren i 2012. Stridsvogner og stormpanservogner er meinte å fungere saman, og kommunisere på same digitale plattform. Situasjonen me har i dag gjer at dei aldrande stridsvognene hindrar effektiv kampkraft, og svekker Forsvaret si moglegheit til å yte motstand.
Sjef Hæren har uttala at han treng nye stridsvogner for å kunne samvirke med våre næraste allierte, som moderniserer sine stridsvogner no. Når tilsette i Hæren uttalar at dei noverande stridsvognene til Hæren ville vore «Kanonføde for Russland» og at dei vil tape ein eventuell duell, må me ta grep og ansvar slik at me sikrar eit robust og truverdig forsvar.
Senterpartiet leverer difor eit laust forslag i samband med trontaledebatten om å setje i gong prosessen med kjøp av nye stridsvogner. Me ber Regjeringa sikre at prosjektet med kjøp av nye stridsvogner til Hæren startar i løpet av 2018.