Meny

Skrot helseføretaksmodellen

Sist endret: 27 09 2020
Av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant Sp

Norske sjukehus blir i dag styrt på ein måte som ikkje lenger har tillit i befolkninga. Med helseføretaksmodellen blei den folkevalde styringa av våre offentlege sjukehus, erstatta av profesjonelle styrer som driv sjukehus som butikk. Stoltenberg- regjeringa innførte reforma i 2002 etter ein superkort høyringsrunde og  med støtte frå FrP og H. Helseføretaksmodellen hadde klar samanheng med innføring av marknadsprinsipp i vår offentlege helseteneste, der  innsatsstyrt finansiering og bestillar/utførar prinsippet står sentralt.

 

Helseføretaksmodellen lagt til rette for konkurranse, privatisering og sentralisering av helsetenestene etter bedriftsøkonomiske prinsipp. Helseføretaksmodellen avvikla prinsippet om folkevald styring av spesialisthelsetenesta og beredskapen vår. Avgjerder om vesentlege endringar i sjukehustilbodet manglar demokratisk legitimitet. Styremedlemmane i helseføretaka står ikkje til ansvar for folket i val. Helseministeren kan sjølv velje når han vil gå inn og styre, eller når det tener han og regjeringa å vise til dei regionale helseføretaka sitt sørge- for- ansvar. Slik vert ansvaret for sjukehuspolitikken i landet, tilslørt og pulverisert.

Finansieringsmodellen er også eit stort problem. I dag vert store investeringar finansiert dels med lån frå staten (70 prosent) og dels som eigenkapital frå føretaka (30 prosent). Eigenkapitalen kan skaffast gjennom sal av eigendomar eller gjennom effektivisering av drift. Budsjett- og regnskapssystemet fører til at helseføretak må ha store overskot på drifta, og når investeringa er gjennomført, må helseføretaka dekke vesentleg større beløp i avskrivingar og rentekostnader. Derfor skaper store nybygg og investeringar vesentleg auke i driftskostnader som helseføretaka vanskeleg kan dekke.

Senterpartiet har nyleg levert forslag til Stortinget om å avvikle helseføretaksmodellen og innføre folkevald styring av sjukehusa. Forslaget kjem til behandling før sommaren. Vi føreslår ein modell der dei regionale helseføretaka vert avvikla, og der ein sentraliserer makt og avgjerder om  vesentlege endringar og overordna prinsipp  til folkevalde på Stortinget gjennom ein styrande Nasjonal helse- og sjukehusplan. Så vil vi desentralisere makt til om lag 20 sjukehusstyrer tilsvarande dagens helseføretak, der eit fleirtal av styrerepresentantane  er vald av og blant fylkestinget sine medlemmar.

Det er ikkje tilstrekkelig å få politikarar inn igjen i dagens helseføretaksstyrer, slik Arbeiderpartiet føreslår. Det er prøvd før, utan hell, og det vil ikkje endre på systemet. Så lenge dei ikkje er folkevalde  så vert ikkje det grunnleggjande demokratiske prinsippet ivaretatt om at den som står til ansvar for utviklinga i sjukehustilbodet skal kunne kastas ved val. Dei regionale helseføretaka legg stor vekt på å disiplinere føretaksstyra. Kravet om lojalitet til dei overordna organ står sterk . Arbeiderpartiets forslag om å pynte på dagens modell, sikrar heller ikkje eit  nødvendig oppgjer med marknadsrettinga av vårt offentlege helsevesen.

Senterpartiet føreslår også å utreie ein annan finansieringsmodell for sjukehus, der ein skil mellom drift og investering. Heilt sentralt må vere at store sjukehusinvesteringar skal prioriterast av Stortinget gjennom Nasjonal helse og sjukehusplan, og fullfinansierast gjennom statsbudsjettet. Sjukehus må få  same budsjett- og regnskapssystem som kommunar og fylkeskommunar.

I dag er det Høgre og Arbeiderpartiet som vernar om helseføretaksmodellen. Høgre har snudd etter dei kom i regjering. Som stortingsrepresentant lova Bent Høie å skrote helseføretaksmodellen. Han kjørte eit tøft løp mot «det tykkeste glavalaget»  og «dei ansiktsløse byråkratene». I regjering  forsvarar han dei. Senterpartiet vil ta sjukehusa tilbake til folkevald styring og offentleg forvaltning, for slik å sikre ein effektiv og demokratisk styrt spesialisthelseteneste med tillit i befolkninga. Då må helseføretakslova bli erstatta av ei ny helseforvaltningslov, som sikrar reell folkevald  styring av sjukehusa og der store investeringar vert fullfinansierast av Stortinget gjennom statsbudsjettet.