Meny
Bli medlem

Sp vil ha fleire avgangar og rimelegare flybillettar i distrikta

Sist endret: 27.09.2020 #Nordland

Senterpartiet fremma i dag forslag om at regjeringa må endre flyavgiftene slik at det blir rimeligare å fly i distrikta. I dag er det høgare norske flyavgifter per passasjer på korte innanriks flyreiser enn dei lengre utanlandsreisene. Dette kjem av at innretninga knyta til vekt og passasjerar gjer at dei små flya kjem dårlegare ut. Nå krev Senterpartiet endring.

– Dette meiner me er heilt urimeleg. Det kan ikkje vere slik at det er mindre avgifter på ein helgetur til London, enn nødvendige reiser til kvardags for folk og næringsliv i distrikt-Noreg, seier Siv Mossleth, stortingsrepresentant frå Senterpartiet.

Slik dagens system er må passasjerane ut med høgare avgifter på strekningar som Bodø-Stokmarknes enn på ruter som Oslo-London.

– Me meiner det i avgiftssystemet må tas høgde for kor langt ein reiser. For eksempel er Regjeringa si flyseteavgift lik uavhengig av reiseavstand. Dersom det er miljø som er argumentet så burde avstand spele inn på avgifta. Det minste ein må kunne krevje er eit rettferdig avgiftssystem som ikkje straffar dei i distrikta, fortset stortingsrepresentanten frå Senterpartiet.

Senterpartiet meiner og at dagens avgiftsopplegg ikkje bare straffar dei i distrikta, partiet meiner og at det hemmar ei grøn utvikling av lufttransporten.

– Det er no fleire elektriske fly som er under testing. Når desse blir mulige å bruke til vanleg persontransport vil det i første omgang vere små fly. I dag er det vesentlig høgre avgift per sete på mindre fly, enn dei større. Dette må endrast for å komme ei grønare luftfart i møte, seier Mossleth.

– Dette er ei vidare satsing på eit betre flytilbod i distrikta frå SP si side. I vårt alternative statsbudsjett foreslo vi å auke løyvingane til flygingar på kortbanenettet. Det ville gitt fleire avgangar og rimeligare billettar for folk og næringsliv, avslutter Siv Mossleth.

Les heile forslaget

Denne artikkelen ble først publisert 22.03.2018

Relaterte personer

Siv Mossleth

Stortingsrepresentant (Nordland)
• Medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen

Rådgiver: Nils Michael Nilsson Ramsøy, [email protected], tlf.: 454 45 583
Telefon: 23 31 33 98 Les mer

Relaterte saker

Samferdsel og infrastruktur

Senterpartiet vil at alle skal kunne leve gode liv i hele Norge. Da må havner, veier og internett være bygd ut og godt vedlikeholdt i hele landet.