Domstolreforma gir unødvendig byråkrati og misbruk av skattekroner, skriver Jenny Klinge.
- av Jenny Klinge, justispolitisk talsperson, Senterpartiet
I sin iver etter å sentralisere har regjeringa klart å sløse bort pengar på stadig meir byråkrati og konsulentar. Det siste dømet er reforma i domstolane
Domstolane våre har inntil nyleg vore rimeleg nær folk i heile landet. Men no har Solberg-regjeringa, saman med støttepartiet Frp, gjort 60 tingrettar om til 23.
Dette gir meir byråkrati og leiarløningane held fram med å auke. Regjeringas grep fører til at overflødige domstolleiarar skal behalde same leiarløn for å jobbe som vanlege dommarar.
Domstoladministrasjonen (DA), som sjølv har est kraftig ut under denne regjeringa, har bestemt at det skal vera nestleiarar ved alle tingrettar med meir enn 20 tilsette. Det betyr ved, så å seie, alle dei nye samanslåtte tingrettane. Desse har med andre ord vorte så store at det må tilsettast fleire leiarar. Desse stillingane skal ha ei løn på over 1,3 mill kvar.
No, etter reforma, skal dei nytilsette domstolleiarane og nestleiarane ta hand om fleire rettsstader innanfor dei nye tingrettsområda sine. Dei nye tingrettane i Trøndelag, Møre og Romsdal, Buskerud og Vestre Innlandet er fordelte på heile fire rettsstader kvar.
Norske domstolar har vorte blant dei aller beste i verda med den strukturen vi har hatt inntil nyleg. Samtidig har dei vore effektive og nær folk. Senterpartiet vil derfor reversere heile domstolreforma dersom vi kjem i regjering frå hausten av. Då kan dei tidlegare domstolleiarane få tilbake den jobben dei er konstituerte til å ha.
Vi vil rett og slett gi dei same løn som før, for å gjera same jobb som før. I dei fleste tilfelle er det både å vera dommar og leiar. Ei fleksibel og ubyråkratisk ordning som sikrar leiing lokalt og fornuftig bruk av lønsmidlar.
Regjeringspartia og Frp har tvangstankar om at dei stadig må sentralisere. Desse tvangstankane må ikkje få øydelegge ei norsk suksessoppskrift - gode domstolar nær folk. Å reversere domstolreforma er eit enkelt og ubyråkratisk grep. Det må berre eit regjeringsskifte til.