Meny

Stopp nedbygginga av NRK sitt distriktstilbod

NRK og NRK Rogaland kuttar kraftig i det lokale TV-tilbodet. Fyrst kutta dei hovudsendinga frå 20 til 15 minutt. No er det ikkje lengre noko hovudsending og i staden vert det sendt tre korte sendingar i løpet av kvelden, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad.

Når folk betaler lisens forventar dei å få noko attende, og eg vil tru at lokal produsert stoff er ein av dei tinga som folk set høgt. NRK vil ha oss til å tru at dette kuttet er ei satsing frå deira side. Det er sjølvsagt berre tull. Eit kutt er eit kutt.

Eg har høyrt at NRK er uroa over at ein så stor del av dei som ser på lokalsendinga er over 60 år. Kva er problemet med det? Det er meir enn 1 million nordmenn over 60 år. Tvert om burde NRK engasjere seg meir for å gje deira mest trufaste sjåarar eit lokalt og godt TV-tilbod.

NRK skal satse meir på nett vert det sagt. Det er ikkje uproblematisk for på nett ligg NRK med statspålagt finansiering i ein direkte konkurranse med region- og lokalaviser som prøver å tene pengar på lokal journalistikk på nett.

Senterpartiet vil på onsdag ta dette opp med kulturministeren i stortinget sin spørjetime. Vårt krav er at vi vil betre det lokale tilbodet til NRK. Diverre trur eg at det NRK har oppdaga er at med denne regjeringa så er det fritt fram for å sentralisera.

Eg voner og at Framstegspartiet vil engasjere seg like sterkt i denne saka på Stortinget som dei gjorde då NRK flytte sendetidspunkt for «Drømmehagen» i barne-TV eller då «Norsktoppen» vart lagt ned.