Meny

Stortinget må seie nei til ACER

Sist endret: 27 09 2020
Av Nils T. Bjørke og Kjersti Toppe – Stortingsrepresentantar, Senterpartiet

Torsdag 22.mars skal Stortinget ta stilling til forslaget om norsk tilslutning til EUs energimarknadspakke. Føremålet er å sikre lik regulering av energimarknadane i EØS-landa og skape EUs energiunion. Noreg har ein lang og god tradisjon for nasjonal forvaltning av naturressursane våre. Senterpartiet meiner at folkevald styring og nasjonal kontroll av energipolitikken er viktig å sikre også i framtida.

Regjeringa ynskjer at Noreg skal gje frå oss suverenitet på området, og seie ja til EUs energimarknadspakke. Dermed vil vi også slutte oss til EUs energibyrå ACER. ACER skal ha overnasjonal myndigheit på ei rekke felt. Organet skal overvake både nasjonale reguleringsmakter og systemoperatørar, ikkje ulikt det ansvaret Norge vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i dag.

Regjeringa føreslår også å opprette eit nytt uavhengig organ i Noreg under NVE. Dette uavhengige organet får i  oppgåve  å kopiere vedtak som  EU og ACER gjer på energiområdet. Slik skal  EUS energipolitikk  innførast i Noreg, utan politisk behandling. Slik skal Noreg bli ein del av EUs energiunion innan 2020.

Norsk tilknytning til ACER har vakt sterkt engasjement . Hensikta bak energimarknadspakkene er å gjere energi til EU sin «femte friheit». Dei fire andre er  friheitene er fri flyt av varer, tenester, arbeidskraft og kapital. Då EØS- avtala vart inngått i Noreg i 1992, var det ein føresetnad at energiområdet ikkje var med. Det var det gode grunnar for . Vert energi den femte friheit, er det naivt å tru at Noreg skal kunne bevare nasjonal kontroll med kraftressursane våre.

Arbeiderpartiet prøver no å sikre seg ved å forlange garantiar frå regjeringa, for å slutte seg til forslaget. Men i slike saker  nyttar det ikkje å få garantiar av ei tilfeldig norsk regjering. Her er det EU- domstolen som vil avgjere praksisen vidare ,og ikkje  den norske regjeringa. Det er jo heile poenget med pakka, at ein seier frå seg nasjonal kontroll.

Men det stoppar ikkje her. EU utarbeider allereie ei fjerde energimarknadspakke. Seier Stortinget  ja til EUs tredje energimarknadspakke, er det vanskeleg å seie nei til nummer fire og til det andre som vil komme seinare.  Har vi fyrst tillete prinsippet om å overføre nasjonalt ansvar på energiområdet til eit uavhengig EU- byrå, er det vanskeleg å protestere seinare.

Regjeringa vil altså gi frå seg nasjonal kontroll og råderett på energiområdet . Dei søker no støtte i Stortinget for å få fleirtal. Den støtta får dei ikkje i Senterpartiet. Den støtta bør dei heller ikkje få av andre. Stortinget må setje endeleg stoppar for denne saka på torsdag.