Meny

Støtt Bunadsgeriljaen

Sist endret: 27 09 2020
Av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson i Sp

Når kvinner over heile landet i kler seg bunad i gatene lenge før 17.mai, er det alvor. 70 000 har meldt seg inn i «Bunadsgeriljaen»,  som har hatt sitt utgangspunkt i Kristiansund. Der vil helseføretaket slå saman fødeavdelingar for å spare pengar. Fødande på Nordmøre ligg allereie dårleg an på fødestatistikken når det gjeld transportfødslar. No skal reisevegen bli enno lengre. Fødekvinner på Smøla , Aure og Halsa får ein reiseveg på opptil tre timar. Det er omtrent avstanden frå Oslo til Ål i Hallingdal.

Men regjeringa og helseminister Høie trekk lett på skuldra over slike avstandar, så lenge det  gjeld kvinner i distrikta. Dei  kritiserer Senterpartiet i staden. For at det  vart ned fødetilbod også under vår regjering. Men Senterpartiet har faktisk ikkje endra politikk. Vi har  i årevis kjempa mot sentralisering av fødetilbod. Høgre derimot, har ivra for slik sentralisering, også då Høgre sat i opposisjon. For Høgre og Høie er det større og meir «robuste» einingar som er svaret på alt. Men det hjelper lite med ei stor fødeavdeling, dersom kvinnene  faktisk ikkje når fram i tide.

I internasjonal samanheng har Norge ein svangerskaps- , fødsel- og barsleomsorg av høg kvalitet. Men ei rekke utviklingstrekk går dessverre i feil retning. Liggetida etter fødsel blir stadig kortare. Risikoen for å føde uplanlagt utanfor sjukehus, er dobla dei siste 30 år. Risikoen for at barnet dør under eller like etter fødsel, er tredobla ved slike fødslar utanfor sjukehus.  Talet på fødeinstitusjonar i Norge er lågare enn det Verdas Helseorganisasjon tilrår. Følgjetenesta ved lang reiseveg, fungerer heller ikkje.

I tillegg til auka avstand i distrikta, er det press og sprengt kapasitet på dei store fødeklinikkane i storbyane. I ein nyleg studie rapporterer kvinner om at dei blir avvist på sjukehus dersom dei ikkje er i aktiv fødsel. Fødande kvinner  blir åtvara mot mangel på ledige fødesenger, og blir nekta ambulanse. Fleire enn vi trur ender opp med  uplanlagt heimefødsel. Spørsmålet er: kven bryr seg? Ikkje dagens regjering i alle fall. 

Det er uforståeleg at regjeringa har latt det gå så langt:  At kvinner må rasle med bunad-syljene for sin rett til ei opplagt og grunnleggjande offentleg samfunnsteneste. At ca.1000 kvinner dei siste 3 åra ikkje rakk fram til sjukehus ved fødsel, er alvorleg mange. Bunadsgeriljaen har forstått det- at avstand faktisk betyr noko. Statsminister Erna Solberg oppmoda i sin nyårstale norske kvinner om å føde fleire barn. Regjeringa burde i staden starte med å revurdere sin eigen fødselspolitikk.