Meny

Støtt Senterpartiet sin kamp for arbeidsplasser

Av Geir Pollestad, Stortingsrepresentant (Sp)

Senterpartiet er opptekne av å satsa på norsk industri. Ein viktig del av industriarbeidsplassene i Norge og særleg i Rogaland er knytt til mat og drikke. Næringsmiddelindustrien har mange ansatte, skaper store verdier og er lite påverka av svingninger i økonomien. 

Senterpartiet trur at med ein aktiv politikk for næringsmiddelindustrien så er det mogleg å få til meir verdiskaping og fleire arbeidsplasser. Me har difor fremja eit forslag på Stortinget om å få ei eiga stortingsmelding om næringsmiddelindustrien. I eit seminar næringskomiteen arrangerte var næringa samstemt positiv til dette. 

Kristelig Folkeparti var diverre ikkje positive til dette. Då næringskomiteen avga si innstilling så gjekk KrF saman med regjeringa for å avvise ei slik stortingsmelding. Kvifor vil ikkje KrF dette, Olaug Bollestad ? 

Ei slik stortingsmelding kan gje denne delen av industrien føreseielege  og gode rammevilkår. Til dømes for å sikra rekrutteringa og for å takla automatiseringa i ei tid der norsk industriproduksjon fell. Senterpartiet vil ha ein politikk for fleire norske arbeidsplasser i Norge. Eg og Sp hadde teke KrF si støtte til dette for gitt. Der tok eg diverre feil. 

Saka skal handsamast endeleg i Stortinget den 28. mai. Det er altså mogleg å snu. Ei slik stortingsmelding kan vera starten på ein opptur for ei næring som er stor i dag, men som har eit stort potensiale for vekst. Vil KrF støtte Sp i dette, Olaug Bollestad?