Meny

Teknikk framfor etikk

Sist endret: 27 09 2020
Av Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant Sp, Helsepolitisk talsperson

Tysdag 15 mai skal Stortinget vedta Bioteknologimeldinga. Det er snart eitt år sidan regjeringa fremma denne meldinga. Regjeringa la fram ei melding der ein på fleire viktige punkt ikkje tok stilling. Dei hadde inga meining. Statsråd Bent Høie lot ansvaret gå frå seg. Han har sidan latt regjeringspartnar FRP og V skape fleirtal på kryss og tvers i Stortinget. Ofte i mot det Høgre sjølv står for. Det er sjeldan kost, og uvanleg. Dette fører no til ei sterk liberalisering av bioteknologifeltet. Feltet blir meir individretta. Det handlar om dei vaksne sin rett til å få barn, og mindre om til barns rett til foreldre.

At eit fleirtal på Stortinget  vil opne for eggdonasjon, har  vore kjent. I alle fall etter Høgre sitt landsmøte. Senterpartiet meiner dette er uheldig. Det bryt eit viktig prinsipp om at den som føder barnet, er barnets biologiske mor. Det kan ikkje  samanliknast med sæddonasjon.  Dette handlar ikkje om likestilling, som mange vil bagatellisere det til. Men det som er enno meir oppsiktsvekkjande, er at fleirtalet på Stortinget også vil tillate dobbeltdonasjon. Altså å donere både egg og sæd samstundes. Donasjon av ferdig befrukta egg. Foreldra vil ikkje ha nokon biologisk tilknyting til barnet. Kva er eigentleg den store skilnaden då mot surrogati?

Likeeins er det oppsiktsvekkjande at eit fleirtal vil opne for mitokondriedonasjon.  Det betyr at barnet vil få genetisk arvemateriale frå 3 foreldre. Det er diskusjon om metoden er medisinsk trygg. Ein lagar genetiske forandringar i kjønnsceller enten før eller like etter befruktninga. Eg hadde aldri trudd at Norge  ville tillate dette.  Men nei då. Med Ap, FrP og Venstre i førarsetet, ber dei regjeringa sjå til Storbritannia for å lære meir og innføre dette i Norge- når det er trygt. Men kor er prinsippa vorte av? Fins inga grenser lenger for rammer rundt det å skape det friske foster ?

Så til forslaget om la friske kvinner skal få rett til å lagre eggceller , heilt uavhengig om det er nokon medisinsk grunn for det. Friske kvinner skal få tilbod frå staten om å fryse ned egg, sånn i tilfelle. Slik kan ein kan ha «unge og friske» egg i reserve. Kjekt å ha når ein seinare i livet vurderer å få barn.  For det fyrste er dette i høgste grad ein drivar for å gjere barn til ei bestillingsvare. For det andre er det mykje andre ting velferdsstaten bør bruke sine ressursar på , enn å gi friske kvinner tilbod om dette. Å snakke om ein stor eigenandel, som Ap gjer, hjelper ikkje. Er det så viktig for Ap, Frp og V gjere dette til eit offentleg tilbod,  er det eit paradoks at det berre skal gjelde dei som har råd til det.

Det same har Høgre sagt om assistert befruktning til einslege. Det skal komme ein « betydeleg» eigenandel. Det verkar som at Høgre prøvar det dei kan for å kamuflere det faktum at tilbodet sjølvsagt vil utfordre prioriteringane i helsevesenet vårt. Alt kan ikkje løysast ved høge eigenandelar. Er det fyrst blitt eit offentleg tilbod for einslege kvinner å få barn , utan at dei har ein partner og utan at dei slit med infertilitet( barnløyse), kvifor gjere det til eit tilbod for dei med ressursar?

Det viktige her er at ein bryt prinsippet om at assistert befruktning skal vere eit tilbod – innanfor visse rammer – for dei som slit med å få barn. Altså at det er ein medisinsk problemstilling. Å vere einsleg er ingen sjukdom. Barn har rett til to foreldre. Staten bør ikkje legge til rette for noko anna.