Meny

Tilsløring frå Høgre om passkutt

Av Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne, Sp

Det er ei tilsløring av verkelegheita ulike stortingsrepresentantar frå Høgre driv med når dei påstår at det ikkje er mogleg å utstede sikre norske pass utan å sentralisere passtilbodet. Regjeringa har ikkje lagt fram eit einaste bevis på at det å kutte i passtilbodet vil betre kvaliteten.

Såleis godtek Høgre sterkt aukande avstandar for innbyggjarane når dei skal skaffe seg pass utan at dette eigentleg er nødvendig for å styrke sikkerheita på passa eller for å få sikre nasjonale id-kort i framtida. Færre passkontor er heller ikkje noko som blir krevd i internasjonale standardar, som regjeringa stadig vekk viser til.

Dette kokar ned til om vi skal oppretthalde eit like godt passtilbod som vi har i dag, eller om ein skal sentralisere og skuve kostnader og tidsbruk over på innbyggjarar og næringsliv. Eksempelvis kan ein familie på fem måtte skaffe nye pass i heile 16 av 22 år, på grunn av at krava for å ha gyldig pass endrar seg med alderen. Vi i Senterpartiet meiner det er viktig å oppretthalde eit godt tenestetilbod nær folk, og går inn for at alle lensmannskontor som står att etter politireforma skal tilby passtenester.