Meny

Veto mot vindkraft

Sist endret: 27 09 2020
Av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant

Stortinget skal den 19.juni til stilling til eit forslag om vindkraft. Som kjent har Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) fremma sitt  forslag til nasjonal ramme for vindkraft ,der dei har peikt ut område som er vurdert best eigna for vindkraft. Fleire område i Hordaland ligg inne i NVE sitt forslag. NVE sitt forslag har reist fleire spørsmål: om sjølve behovet for utbygging, om eigarskap ved utbygging og om kommunane og lokale folkevalde si rolle.

Ein stor del av utbygde vindkrafta i Norge er i dag finansiert og eigd av private, og for ein stor del av utanlandske interessentar. Det same gjeld for vindkraftprosjekt under planlegging. Uansett kva ein meiner om vindkraft, er dette ikkje ei ynskt utvikling. Difor har Senterpartiet føreslått at ein må utgreie eit forslag til heimfallsordning for vindkraft slik det i dag er for vannkraft. Vi meiner også at det er rett å vurdere ein naturressursskatt på vindkraft, som kjem kommunane til gode.

I Hordaland er det stor lokal motstand mot planane om vindkraftutbygging. Fleire kommunestyre har allereie gjort vedtak mot utbygging. Dei ynskjer ikkje vindmøller i sin fjellheim. Det er gode grunnar for det. Men kva hjelper det om «alle» er einige lokalt, om dei same partia på Stortinget let utbygging skje likevel? For Senterpartiet er denne saka heilt klar. Vi vil gje kommunane vetorett i saker om vindkraft. Har kommunestyret i Tysnes eller Lindås i mot, så skal dette respekterast av Storting og regjering. Dessverre  støttar ikkje regjeringspartia eller Ap oss i dette.

Ei anna sak  er om vindkraft faktisk er den nye, stor grøne kraftsatsinga som Norge treng, og på kva omkostningar.  Eg meiner nei. Åtte nye vindkraftparkar blei ferdigstilt i 2018. Ytterlegare 13 er under utbygging. Når desse er ferdige, vil det innebere ei dobling i vindkraftproduksjonen i Norge. I tillegg er det allereie gitt 30 konsesjonar til bygging. Tempoet er altså høgt. I tillegg kjem  Nasjonal rammeplan der NVE peikar ut 13 store landområder, over 98 kommunar, som aktuelle for nye konsesjonar.

Det er på tide å trykke på bremsa. Vi bør faktisk ikkje tillate nye prosjekt med vindkraftutbygging no . I Hordaland opplever eg at det stor motstand lokalt.  Ikkje berre blant senterpartistar. Det bør og må vi respektere og på Stortinget. Ein treng ikkje bygge meir ned av  norsk natur, berre fordi vindkraft no er lønsam. At Norge skal bidra til Europas behov for grøn energi er ein edel tanke. Men skal vi berre tenkje slik, vil det aldri vere grenser for kva vi skal kunne bygge ned av norsk natur. Det er heller ikkje rett. At Stortinget den 19.juni gir kommunar vetorett, slik Sp føreslår, vil vere eit godt tiltak i rett retning.