SP vil fyrst og fremst takke for alle stemmer og all støtte vi har fått både gjennom valkampen og i etterkant.
Vi har hatt gode samtaler både med AP og H. Dei har vore konstruktive og løsningsorienterte, men vi har valgt eit raud-grønt samarbeid vidare.
SP ynskjer ei anna retning enn regjeringa sin politikk som styrer rammevilkåra til fylkeskommunen og det handlingsrommet vi har for vidaregåande skule, samferdsel, breibandsutbygging, næringsutvikling, kulturmiddel og sist, men ikkje minst, alle dei sentraliserende reformane vi har i dag.
Vi er no det største SP-laget i Norge med 28,7%!
Det er eit resultat vi er veldig glade for og det gjer at vi kan jobbe enda meir og hardare for vår politikk og få gjennomslag for det. Det har vore stor spenning på kva SP ville velge og mange har hatt fokus på fylkesordførarvervet og forventningar om at vi i SP burde få det nå etter å ha gjort eit historisk godt val med så stor framgang.
Men fylkesordførarvervet er ikkje det einaste som teller; like viktig er kva retning vi ynskjer samfunnet skal gå og vi er veldig tydelege på at vi ynskjer eit regjeringsskifte om to år. Derfor har vi valgt å si neitakk til fylkesordførarvervet fordi veljarane i Innlandet ber om meir raudgrøn politikk.
Samme om ein er for eller imot regionreformen, eit fylke 20% større enn Danmark, eller rett og slett ikkje ynskjer å ha det fylkeskommunale nivået, vil alle parti arbeide slik dei meiner er til det beste for innbyggjarane i Innlandet. Derfor må vi alle vere med og sikre gode politiske prosessar og arbeidsvilkår. Det skal vere interessant å vere med i fylkespolitikken for både posisjonen og opposisjonen i dette store nye fylket med store geografiske avstandar.
Vi har lytta til det veljarane har sagt. Vi fortsett eit raudgrønt samarbeid for å utvikle heile fylket og ha fokus på korleis vi kan styrke regionane våre både med tanke på utdanning, samferdsel, breiband, kollektivtrafikk, fleire arbeidsplassar og ein god kulturpolitikk.
SP har for perioden 2019 - 2023 fylkesvaraordføraren og leiarane i utval for utdanning og samferdsel. AP har fylkesordføraren og leiarane i utval for næring og kultur.