Meny

Meir mat basert på norske ressursar

Noreg må føra ein landbrukspolitikk som er berekraftig. Landbruket må basera seg mest mogeleg på norske ressursar. Vern av dyrka mark, saman med betre rammevilkår for landbruket, er dei viktigaste grepa for å auka sjølvforsyningsgraden for landets befolkning.

Det handlar om:

  • høgast mogeleg kornproduksjon til mat og for.
  • auka norsk produksjon av grønsaker, frukt og bær.
  • klimasmart produksjon av mjølk og kjøt, gjennom auka grasproduksjon og beitebruk.
  • at økonomien i landbruket må styrkjast, slik at nye generasjonar vil verta bønder og produsera mat!

For Vestland betyr det å legge til rette for ein framleis variert bruksstruktur med beite-og grovfôrbasert husdyrhald, frukt og bær som dei viktigaste produksjonane. Det bør stimulerast til auka bruk av norske råvarer i kraftforbasert produksjon.

Mjølkeproduksjon er bærebjelken i Vestland. Det krevst store investeringar framover for å møte lausdrift-kravet i 2034. I tillegg kjem auke i pris på straum og gjødsel. Vestlands landbruket er no inne i ei skjebnetid. I fylgje ein rapport frå Nibio svarar 19% av mjølkebøndene på Vestlandet at dei vil gje seg med mjølk alt i 2024. Ytterlegare 24% svarar at mjølkeproduksjon etter 2034 er ganske eller heilt usannsynleg.

Dette krev handling no!

Hordaland Sp har difor ei klar forventning om at regjeringa kjem med kraftfulle verkemidlar på både investering og auka inntekt for bøndene i årets jordbruksoppgjer.

Det må vera lønsamt for mindre bruk å investera i lausdriftsfjøs. Maksimal investeringsstøtte for tilskot må difor aukast frå dagens 35%, til minimum 50 %, av kostnadsoverslag.

FN gir klare meldingar om at vi må ruste oss med ein meir robust matproduksjon som er berekraftig også på lang sikt. Sett i lys av klimautfordringar og ein uroleg verdssituasjonen.

Vi skal produsere meir mat til ei veksande befolkning i eit meir ekstremt klima. Noreg har eit godt utgangspunkt for framtidig robust matproduksjon. Våre største fortrinn er ein spreidd matproduksjon med familiejordbruket som base. Dette sikrar oss fordi vi kan halde matproduksjonen oppe sjølv om deler av landet får store reduksjonar i avlingane, grunna klimarelaterte naturskadar, som tørke, flaum og skogbrannar. Eit dyrehald i relativt små einingar gir eit lågt smittepress som fører til svært liten medisinbruk og dødelegheit. Norsk landbruk har eit svært godt utgangspunkt også i møte med klimatilpassinga.

I Hurdalsplattforma ligg det mange gode punkt, mellom anna:

  • «Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet»
  • «Etablere beredskapslagring for korn»

Hordaland Sp oppmodar regjeringa å:

  1. tidfeste planen for å tetta inntektsgapet til 4 år, og at det startar med ei tetting på 25% av gapet i 2022.
  2. tidfesta etablering av beredskapslager for korn og gjennomføra dette snarast. Samtidig bør det undersøkjast kva som er beste metode, lagring på gardsnivå, eit stort lager, eller ein kombinasjon.
  3. vere tydeleg og tidfeste dei ulike måla for å skape forutsigbarhet, ro og framtidstru for norsk landbruk og matproduksjon!