Meny

U-864 ubåten ved Fedje må hevast

Fråsegn vedteken på fylkesårsmøtet 14.-15. februar

Hordaland Senterparti ber Regjeringa om gå i gang med hevinga av ubåt U 864 ved Fedje i Vestland fylke i løpet av 2020. Det kan vera Regjeringa si miljøpresang til det nye fylket Vestland. Fråsegn vedteken på fylkesårsmøtet 14.-15. februar

Å heva ubåten ved Fedje er ein kurant operasjon der det er tatt høgde for god erfarings- og metodetryggleik med omsyn til å ikkje spre kvikksølv-forurensing. Verdensleiande selskap på undervannsoperasjon har vurdert korleis hevinga av ubåten kan skje på ein trygg og miljøfagleg måte.

Forslaget deira er å løfta vraket frå havbotnen og leggja det opp i ein tett  kasse som har tett lokk. Deretter heva vrakdelane kontrollert opp. Dette utan fare for forureining av noko slag.

Hordaland Senterparti ber Regjeringa om gå i gang med hevinga av ubåt U 864 ved Fedje i Vestland fylke i løpet av 2020. Det kan vera Regjeringa si miljøpresang til det nye fylket Vestland.