Meny
AFA2

Me treng eit nynorskløft!

«Kvar vår det same» heiter det i ein tekst av Jon Fosse. Då Fremskrittspartiets Ungdom (Fpu) stilte i skuledebatt med ein valplakat med slagordet «F**K NYNORSK», kunne ein kanskje seie «kvar valkamp det same».

Det er ikkje fyrste gong FpU kjem med grov nynorskhets. Den smaklause retorikken viser tydeleg at Noreg treng eit nytt politisk fleirtal som fører ein positiv og aktiv nynorskpolitikk. Det vil Senterpartiet bidra med.

 

Noreg har to jamstilte skriftspråk, bokmål og nynorsk. Likevel opplever mange nynorskbrukarar at dei ikkje har dei same moglegheitene til å bruke og oppleve eige skriftspråk. Berre for å ta nokre døme: Nynorskelevar opplever stadig at dei ikkje får læremiddel på eige skriftspråk til same tid som bokmålselevar, nynorskelevar og andre nynorskbrukarar møter eige språk i mindre grad på «kvardagsflater» som oppslagstavler på skular og andre møteplassar enn bokmålsbrukarar, bokmål dominerer populærkulturen, og Google tek frå nynorskelevar skuleverktøy på nynorsk. Resultatet har vore mellom anna vore eit målbyte mellom grunnskule og vidaregåande, særleg i språkdelte område. I den nyleg vedtekne språklova står det tydeleg at formålet med lova er å styrkje norsk språk på alle samfunnsområde og i alle deler av samfunnslivet. Lova skal sikre at offentlege organ i Noreg tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk i sektorane sine, både bokmål og nynorsk. Offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket. Senterpartiet støttar opp om dette og vil ha eit nynorskløft for å sikre reell språkleg jamstilling.

 

Senterpartiet meiner det framleis skal vere obligatorisk opplæring i begge skriftspråka på ungdomsskulen og vidaregåande med eigen standpunktkarakter og eksamen i både hovud- og sidemål. Staten må løyve meir midlar til utvikling av nynorske læremiddel, òg digitale læremiddel. Som store innkjøparar av læremiddel og digitale ressursar må kommunar og fylkeskommunar stille krav om og følgje opp at desse ligg føre på begge skriftspråka til same tid. Det handlar om å ta alle innbyggjarane sine på alvor.

 

Senterpartiet vil endre opplæringslova slik at ungdomsskuleelevar får rett til å gå i eigen målformklasse og få undervisning i alle fag på eige hovudmål dersom ti eller fleire elevar på trinnet ynskjer eit anna hovudmål enn det skulen nyttar. Kommunar må få auka tilskot for å følgje opp språkdelinga. Det er òg viktig å styrke norsk som fagspråk i høgare utdanning, både bokmål og nynorsk. Då er det viktig at det finst faglitteratur på både nynorsk og bokmål i høgare utdanning. Eit nynorskløft er ein viktig del av kulturpolitikken til Senterpartiet. Det må setjast av meir midlar til omsetjing av populære barnebøker til nynorsk. Senterpartiet vil òg støtte tiltak som bidreg til at nynorskbrukarar har gode tilbod medie- og kulturtilbod.

La det difor ikkje vere nokon tvil: kjem Senterpartiet i posisjon etter valet, vil det bety eit løft for nynorsken.

Alexander Fosse Andersen

Stortingskandidat for Hordaland Senterparti