Meny

Det norske folk og næringsliv hadde trua på at Senterpartiet skulle rydde opp

I Rogaland har lokallaga og fylkeslaget gjennomført ein meget god valkamp. Eg vil sei betre enn for både 2, 4 og 6 år sidan. Den beste sidan eg vart fylkesleiar. Kandidatane har vore aktive i lokalsamfunnet og på sosiale media og verkeleg budd på seg sjølv. Dei har vist til sakene dei har fått gjennomført eller kjempa for i dei forrige 4 åra, og kva ambisjonar dei har for dei neste 4. Me hadde ordføraren i åtte kommunar, nå har me i seks. På fylket gjekk me frå 5 til 3 representantar. Ein skulle tru at det var oppskrifta på eit godt val, og i nokon kommunar har det vore det, som de høyrer.

IMG_8711.jpg

Av Vidar Nedrebø
Stolt fylkesleiar Rogaland Senterparti

"Men over heile Rogaland, ja heile straumsone NO2 har det vore eit tema som har øydelagt for våre kandidatar. Straumsjokket frå 2021 er ikkje ferdig handtert. Ekstra tydeleg vart det i vekene før valet då prisen i bl.a. Rogaland var over ei krone høgare enn resten av Sør-Norge. Det utgjer ekstra utgifter for vårt næringsliv som konkurrer med bedrifter i andre straumsoner. Dei kan ikkje legga kostnadsauka over på kunden. Dette svir for næringslivet, for innbyggjarane og det smerter for oss som hadde «kontroll på straumprisen» som ei av dei viktigaste sakene under stortingsvalget i 2021.

Eg er overbevist om at det er me politikere i NO2 som kjenner best til kor viktig dette var for veljarane i vår region, og ikkje analyser frå austlandet.

Me er godt kjent med at Solberg sin regjering, saman med Ap og MDG overførte makt til EU og ACER gjennom den 3. energipakke, men det norske folk og næringsliv hadde trua på at Senterpartiet skulle rydde opp. Slik dei nå forventer at me sender 4. energipakke rett i papirdunken.

Fasiten er ei straumstøtte i verdsklasse og gode ordningar for landbruket ut 2024, men me må gjer endringar for dei små og mellomstore bedriftene, me må forsikra landbruket om at støtta også er der etter 2024, og me må så raskt som mogleg ta konkrete grep for å få ein likare og lavare innalands pris. Me har ein felles marknad på pris, då må me òg ha det på kostnadar! Kjøttdeigen og mjølka kostar det same uansett kor ein kjøper den.

Straumutvalet leverte sin rapport «Balansekunst» 15. oktober, og med den kjem 50 interessante tiltak. Me må ta tak i innspela frå straumutvalet og handla raskt. Me kan ikkje ha så store variasjonar i straumpris i Norge. Regjeringa har gjort mykje godt på lang sikt, men på kort sikt blør bedriftene våre. Og ein skal ikkje importera utanlandske straumprisar sjølv om ein eksporterer overskotskraft. Ein må sjå på eigne sonar for utanlandskablane.

Allereie NÅ kan me ta i bruk ein modell for likare innanlands straumpris, og så må regjeringa fortsetja med tiltak på lengre sikt som å «styrka den innenlands overføringskapasiten, både ved å fysisk bygge meir nett, ved å utnytte eksisterende nett bedre og benytte teknologi til å tvinge strømmen til å gå innenlands, vil bidra til å utjevne prisforskjellene mellom landsdelene.»

Me kan ikkje ha det slik at sauekjøtt frå Rogaland vert køyrt til Trøndelag for å bli kutta opp til pinnekjøtt på grunn av store skilnadar i straumprisen. Senterpartiet ser viktigheita av at kraftkrevjande bedrifter er teitt på der straumen blir produsert, at leverandørindustrien er teitt på dei offshore installasjonane og at maten me produserer faktisk blir vidareforeldra der den blir produsert.

Straumprisutvalet trekker fram kraftoverskot som viktigaste faktor for å hindra høge straumprisar i framtida. Nå vil Høgre bruka 1,8 terrawatt av straumen i Rogaland til datasenter, på matjord, på Jæren.

Dei skal bruke 50 milliardar på 500 arbeidsplassar, og det tilsvarar eit straumforbruk som tilsvarar 98 000 arbeidsplassar og straum og varme til drøyt 146 000 innbyggar i Stavanger kommune.

Lagring av data er viktig for vår sikkerheit, også i Norge, men me i Senterpartiet kan ikkje godta at det skal byggast ned matjord.

Det er med matjord som med tillit, den bygges i millimeter, men fjernes i kilometer."