Meny
image001 2

Vil at heile Rogaland skal  nyta godt av veksten 

VAL 23: Det er inga naturlov at alt skal sentraliserast, og Ryfylke er klar for nye næringar, fleire arbeidsplassar og verdiskaping, slår Harald Halvorsen Løland, Senterpartiets 4. kandidat til fylkestingsvalet, fast. Han lovar å føra ein næringspolitikk som skaper vekst i heile fylket. 

-Gjennom satsing på ny teknologi, bioøkonomi og meir sirkulærøkonomi kan me bidra til verdiskaping og arbeidsplassar for framtida. God nærings- og klimapolitikk heng saman, seier han. 

Harald er oppteken av å utvikla ny industri og næring mellom anna basert på eksisterande ressursar og kunnskap. Han trekker fram landbasert oppdrett som eit døme på korleis ein kan utnytta restressursar frå smelteverket i Sauda eller gjødsel frå husdyrnæringa i Årdal. Eit anna døme er framtidig bruk av arealet hos Norsk Stein på Jelsa i samband med havvindsatsing. Å bygga vidare på det me har er ein vinn-vinn situasjon både for eksisterande og nye bedrifter.

Senterpartipolitikaren, som bur i Suldal, er oppteken av å gi landbruks- og havbruksnæringa vilkår som skaper optimisme. Han vil at Ryfylke skal satsa sterkare på kortreiste landbruksprodukt og lokal foredling av fisk.

Som politikar med utgangspunkt i denne delen av fylket, er han sjølvsagt og oppteken av verdiskaping gjennom vasskraft.

-Det er rom for å auka vasskraftproduksjonen gjennom effektivisering av eksisterande anlegg. Dessutan er det mogleg å opna for ny produksjon, også i verna vassdrag, men som sjølvsagt må vurderast etter grundig konsekvensutgreiing, seier han. 

Den viktigaste jobben til politikarane er å leggja til rette for vekst og utvikling, seier Harald, og trekker fram dei viktigaste føresetnadene for at det skal skje. 

-Effektiv saksbehandling av planar er viktig. Dessutan er Ryfylke og andre område som ligg noko utanfor dei tettast folkesette områda, avhengig av god infrastruktur. Det vil seia gode og trygge vegar, eit godt kollektivtilbod og sjølvsagt breiband. Sist, men ikkje minst, er skule og utdanning viktig. Å ha eit desentralisert tilbod er den beste garantien for arbeidskraft og lysta til å bu i heile Rogaland, seier han.

 

Les meir