Meny
_MG_8900

Opp og fram for Dalane

VALG 23: Ho vil løfta Dalane frå posisjonen som ein litt usynleg del av fylket , til eit område som blir kjenneteikna av utvikling, vekst, trivsel og verdiskaping. Bente Gro Milwertz Slettebø er Senterpartiets ordførarkandidat i Bjerkreim, og dessutan 3. kandidat for partiet til fylkestingsvalet. 

Fleire arbeidsplassar, veldrivne kommunar og balansert bruk av naturen, er blant suksesskriteria, meiner ho. 

Som politikarar må me jobba for å få fleire arbeidsplassar til oss. Då tenkjer eg både på min eigen heimkommune, Bjerkreim, og på Eigersund, Lund og Sokndal. Det krev eit godt samarbeid med næringslivet og ein mest mogleg smidig saksbehandling når bedrifter ynskjer å satsa her, seier ho. 

Vekst, altså, men ikkje utan omsyn til kostnaden. Bente Gro Milwertz Slettebø er oppteken av å  forvalta ressursane best mogleg. Ho er førebudd på at saker som gruvedrift og vidare utvikling av vindkraft blir omstridd, og er oppteken av at utviklinga uansett ikkje utfordrar naturen og landbruket, sistnemnde som ein viktig hjørnestein i denne delen av fylket.  

-Viktigaste utfordringa er å skapa verdiar og sikra veldrivne kommunar med ein god økonomi. Skal me få til det, må òg staten ta eit større ansvar. Me har fått klare signal om ein regionvekstavtale, og den har eg store forventningar til, seier Bente Gro Milwertz Slettebø.