Meny

Desse fire tinga er viktige i eldreomsorga

Av Unn Birkeland, 2. kandidat Gjesdal Senterparti (Ålgård)

LESERBREV: Gjesdal er me nå i gang med planar for framtida si eldreomsorg, og omsorg for alle grupper som treng ei form for hjelp og tilrettelegging for kvardagen sin når det gjeld bu-situasjon, enten det er midlertidig eller det er for ei lenger tid. Og ny sjukeheim er eit av dei viktige elementa i dette planarbeidet.

I sommar har eg brukt noko av mi ferietid til å vera ekstravakt i heimetenesta i Farsund kommune der me har feriehus. Eg har møtt mange brukarar og mange pårørande, med mange ulike behov. Og det er i alle fall sikkert: folk der sør er ikkje svært ulike folk i Gjesdal, og det som er felles er desse fire punkta:

• Folk treng å vera trygge på at dei får hjelp som er tilpassa den situasjonen dei er i

• Folk treng å vera trygge på at det er fagfolk som kan utføra oppgåvene som trengs

• Folk treng å vera trygge på at dei får vera med og bestemma korleis dei skal ha det i den siste fasen

• Folk treng å vera trygge på at når situasjonen endrar seg, så greier kommunen å snu seg rundt og tilpassa tilbodet

Dette er viktige punkt for Senterpartiet. Det er viktig at innbyggarane i heile kommunen kan kjenna seg like trygge. Då treng me å vera fleksible, ha gode rutinar for tidleg innsats, og vera smarte i løysningane.