Meny
Bli medlem

Årsmøte 18.11.19

Sist endret: 18.11.2019

Styret vil med dette kalla alle medlemmer inn til årsmøte i Hjelmeland SP i kantina på Kommunehuset 18. november kl 1930

Saker som skal handsamast i årsmøte må sendast styret ved leiar innnan 15. november.

Sakliste:
1: Godkjenning av innkalling og sakliste

2: Val av møteleiar

3: Val av referent og to til å skriva under protokollen

4: Val av teljekorps

5: Årsmelding

6: Rekneskap
 

7: Val:
Valkomiteens si innstilling: 
Leiar og kasserar - Per Inge Egeland - 2 år
Eit styremedlemmer - Margrethe Tytlandsvik - 2 år
Tre varamedlemmer 
1. John Halsne Mæland - 1 år
2. Anne Tove Ingvaldstad -1 år
3. Sonja Laugaland -1 år
Utsendingar til fylkesårsmøte 14-15 februar i Haugesund, tre utsendingar
Revisor - Arne Kleppa
Eit medlem til valnemda

8: Innkomne saker

Jan S. Grimstad vert med og vil fortelje om sitt engasjement for Hjelmeland Kommune etter Ryfast.

Kveldsmat.

Med helsing
Styret.

----------------------------------------------------------------------------------

Årsmelding Hjelmeland SP 2019

Styret har i meldingsåret vore:
Leiar og kasserar Per Inge Egeland*
Nestleiar Dagfinn Hatløy 
Sekreter Margrete Tytlandsvik* 
Styremedlem Svein Carlos Gjil
Gruppeleiar Lill Laugaland
1. Vara Anne Berit Verpe*
2. Vara Anne Tove Ingvaldstad*
3. Vara Sonja Laugaland*

Revisor Arne Kleppa*

Valnemda har vore:
Leiar Berit Søvik Østerhus*
Lill Laugaland
Joar Hauge
Dei som er merka med stjerna er på val i 2019.

Aktivitetar i Hjelmeland Senterparti 2018
Laget har pr dags dato 59 innmelde medlemmer samt tre som er registrert, men ikkje kome på medlemslista endå. Det er nok rom for å verve fleire hvis me berre spør.
Det har vore 2 styremøte
Sakene har vore: Kommunevalet og programarbeidet har stort sett prega året. Me fekk ei historisk oppslutning i årets kommuneval, 47,3% er detbeste resultat på 60 år! Tusen takk til alle som gjorde dette mogleg. Etter me kom i gong med valkamparbeidet gjekk det på skjenar. Anita hadde ansvaret med å leggja kandidatar ut på SoMe som gjorde at alle kandidatar blei profilerte godt.
Me hadde stand i alle bygder det er butikk i vekene før valet samt me hadde stand på Frukt & Laksefesten. Alle listekandidatar stilde opp samt nokre utanom. NRK lokalen var innom i Årdal med direktesending, kunne nok vore betre annonsert.
Me hadde eit godt programarbeid og det var gode tilbakemeldingar som gjorde at me kunne presentera eit godt program for denne perioden. Tusen takk til alle som bidrog her.
Laget hadde innspel til Fylkestingsprogrammet.

Fylkesårsmøte, 6 utsendingar. Som vanleg blei det vedteke mange resolusjonar på fylkesårsmøtet. SP Hjelmeland hadde sendt inn tre resolusjonar i lag med ryfylkekommunane som alle kom med.

Me deltok på Distriktsvise arbeidslag i vår og no i oktober. God oppslutning på det i haust. Det har vore eit godt arbeidsår i Senterpartiet i Hjelmeland.

-------------------------------------------------------------------------------------------

Melding frå kommunestyregruppa 2019

Senterpartiet si kommunestyregruppe besto i starten av perioden av 6 personer. På grunn av utmelding frå partiet vart gruppa redusert til 5.  I løpet av 2019 melde Anita Riskedal overgang frå Krf til SP, slik at vi igjen var 6 personer i gruppa før kommunevalet 2019.

Også i 2019 har me hatt fokus på kommuneplanen. Prosess med rullering av kommuneplan starta i 2016 og 2.gongsbehandling vart vedteke i april 2019. I etterkant har me hatt sentrumsplan for Hjelmeland sentrum på sakskartet. Denne delen av kommuneplanen vart behandla andre gong i kommunestyremøte den 2. oktober. 

Elles gjennom året har gruppa arbeid med saker som Budsjett og økonomiplan, gebyrer høyringsuttalaro.l.  I sak om politisk organisering vedtok kommunestyret at formannskapet som partssamansett utval vert lagt ned og erstatta med administrasjonsutval.  Me har og vedteke å ha eit eldreråd og eit råd for menneske med nedsett funkjsonsevne.

Gruppa har som tidlegare fungert godt i lag.  Det har vore godt oppmøte blant kommunestyre, formannskap og afu- medlemmene. Mindre oppmøte av andre medlemmer. Ein ser at kommuneplanarbeidet engasjerer og at der er godt oppmøte før desse sakene skal opp i kommunestyret. For dei som skal behandle desse sakene er det heilt nødvendig med ei brei oppslutning frå medlemmene.

Takk for godt samarbeid.

Så får me gratulera oss sjølv med eit særdeles godt valresultat. Og ønske den nye kommunestyregruppa med Ordførar og Varaordførar til lykke med arbeidet vidare for Hjelmeland Kommune.