Meny

Årsmøte Hjelmeland Sp

Innkalling Årsmøte i Hjelmeland SP

Styret vil med dette kalla alle medlemmer inn til årsmøte i Hjelmeland SP i kantina på Kommunehuset  20. januar 2021 kl 1900

Saker som skal handsamast i årsmøte må sendast styret ved leiar innnan 14. januar.

Sakliste:

1: Godkjenning av innkalling og sakliste

2: Val av møteleiar

3: Val av referent og to til å skriva under protokollen

4: Val av teljekorps

4: Årsmelding

5: Rekneskap

6: Val:    To styremedlemmer

              Tre varamedlemmer i nummerorden

              Utsendingar til fylkesårsmøte 27 februar, det vert digitalt, tre utsendingar

              Revisor

              Eit medlem til valnemda

7: Innkomne saker

------              

Kommunikasjonsrådgjevar Morten Helliesen vert med og vil ha eit innlegg om mediehåntering i laget samt korleis me opptrer på sosiale medier.

 

I og med smittesituasjonen i landet så er det noko usikkert om me kan ha eit fysisk årsmøte slik reglane er no. I utgangspunktet køyre me årsmøte den 20, men me melder frå hvis det kjem endringar som gjer me må utsetje eit fysisk årsmøte. Me har fått munnleg aksept for å kunne ha årsmøte til litt ut i februar.

Me får mat frå Pizzabakaren på Sandetorjå.
Med helsing Styret.

 

 

Årsmelding Hjelmeland SP 2020

Styret har i meldingsåret vore:

Leiar og kasserar          Per Inge Egeland                        1. Vara Johne Halsne Mæland*

Nestleiar                         Dagfinn Hatløy*                         2. Vara Anne Tove Ingvaldstad*

Sekreter                          Margrete Tytlandsvik               3. Vara Sonja Laugaland*

Styremedlem                Svein Carlos Gjil*

Gruppeleiar                   Anita Husøy Riskedal

Revisor                            Arne Kleppa*

Valnemda har vore:

Leiar     Lill Laugaland*

Joar Hauge

Kari Lise Austigard

Dei som er merka med stjerna er på val i 2020.

 

Aktivitetar i Hjelmeland Senterparti 2020

Laget har pr dags dato 59 innmelde medlemmer.

Det har vore fire styremøte i Hjelmeland Senterparti, tre fysiske og eit møte på teams. På dei to siste har ein gjennomgått Senterpartiet sitt Prinsipp- og handlingsprogram 2021 - 2025 og sendt inn forslag til endringar. Dette programmet blei sendt ut til alle medlemmene slik at alle kunne komma med evt. merknader. Grunna smittverntiltaka har det vore vanskar med å ha eit ope medlemsmøte.
Det vart også sendt inn forslag til lokale kandidatar til Stortingslista 2021.
Medlemstur til Kvaløy med Bjørn sin båt frå Hjelmeland. Kåseri av Odd Arild Kvaløy. Ca. 20 deltakarar.

Fylkesårsmøte, 6 utsendingar. Som vanleg blei det vedteke mange resolusjonar på fylkesårsmøtet. SP Hjelmeland hadde sendt inn tre resolusjonar i lag med ryfylkekommunane som alle kom med.

I og med smittesituasjonen har det ikkje vore distriktsvise arbeidslag i haust. I staden har det vore teamsmøter der lokallagsleiar, gruppeleiar og ordførar har vore invitert. Det har blitt informert frå stortinget, fylkestinget og fylkeslaget på desse samlingane. Funke greit som informasjonskanal når me ikkje kan møtast fysisk. Nominasjonsmøte vart halde på teams i slutten av november og vår eigen Anita vart nominert på 6. plass som me er særs nøgd med. Plutseleg må ho tinga billett til Oslo skal ein sjå.

Det har vore eit godt arbeidsår i Senterpartiet i Hjelmeland.

Styret