Meny
2020 Melkehenting, Sogn og Fjordane

Høgre og Frp baklengs med bind for auga inn i framtida

Dei borgarlege partia har ikkje lært noko av tida vi har lagt bak oss.

Så snart matvarepisane stig i Noreg, er Høgre og Frp sitt svar like raskt som det er feil. Svaret vitnar om at dei har lært lite om kva som skjer når vi utsett norske grunnleggjande ressursar for den «frie» europeiske marknaden, - slik vi har gjort med straum. Å senke tollvernet som beskyttar produksjonen av norsk mat, vil gjere oss mindre sjølvberga og meir avhengige av at utlandet reddar oss i ei krise. Vi har sett under priskrisa på straum at vi kan forvente ingen eller få handsrekningar av våre europeiske partnarar, medan det er forventa at Noreg er best i klassen på å stille opp for andre.

 

Det er for så vidt ikkje noko problem for oss å stille opp for andre nasjonar, fordi vi har føresetnad for å gjere det. Fordi vi har bygd ein modell for landet vårt som baserar seg på sjølvberging, og at vi har rimeleg mat og straum til alle. Denne modellen tek særleg Høgre til stadigheit og kategorisk til orde for å byggje ned. Dette meier vi i Senterpartiet er ein kjempefeil. Vi vil gå motsett veg, trygge norsk mat og straumproduksjon slik at den kjem nordmenn til gode. Vi kan godt eksportere overskotet vårt, men først og fremst må vi trygge eiga befolkning. Det handlar om å vere konkurransedyktige, men det er og beredskap til trange tider og vi slepp å kjøpe mat ut av hendene på dei som har mindre ein oss.

 

Senterpartiet jobbar for ein mat- og energipolitikk som byggjer Noreg, og gjev oss ein posisjon i verds-samfunnet som vi kan bruke til å hjelpe andre, i staden for at vi må stå med hua i handa når det kniper til. At vi sørger for norsk matproduksjon er ein av grunnsteinane for at vi lever i ein velferdsstat. At vi forvaltar naturresursane på ein måte som fellesskapet tener på er ein annan grunnstein. Vi står no i ei brytningstid der folk må velje mellom meir eller mindre sjølvberging.

I Senterpartiet veit vi kva vi skal jobbe for.

                      Erlend Haugen Herstad, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti