Meny
Bli medlem

Morten Askvik er nominert som ordførarkandidat

Sist endret: 27.09.2020 #Hyllestad

Nominasjonsnemnda i Hyllestad Senterparti innstiller sitjande ordførar Morten Askvik som ordførarkandidat til kommunevalet i 2019.

Morten  Askvik (46) har vore medlem av kommunestyret sidan 2011 og formannskapet sidan 2012.
Sidan 2011 har Morten Askvik og vore lokallagsleiar i Hyllestad SP. Han vart ordførar etter lokalvalet i 2015.  Etter nominasjonsnemnda si vurdering har han vore ein aktiv og samlande ordførar. Det gjeld både det politiske arbeidet i  Hyllestad og når han representerer Hyllestad utanfor kommunen. Han har også stor tillit og har fått brei politisk røynsle, mellom anna som nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti.  Nominasjonsnemnda er særs nøgd med at ordførar Morten Askvik på nytt har sagt seg villig til å stille som ordførarkandidat.   

 

Nominasjonsmøtet vert gjennomført i januar 2019.

For utfyllande kommentarar kontakt nominasjonsnemndleiar Håkon S. Giil eller Morten Askvik.

 

Håkon S. Giil                                                             Morten Askvik

Nominasjonsnemndleiar                                            Ordførar/ordførarkandidat

Tel: 975 86 828                                                          Tel: 98885997

Mail: giil@online.no                                                   Mail: maskvik@online.no

Relaterte personer

Morten Askvik

Morten Askvik

Ordførar