Meny
Rune Hegrenes

Kommunebudsjett i Sunnfjord

Kai Aage Pedersen seier at Firda er ikkje interessert i å skrive om kva partia i kommunestyret er einige om. Greitt nok. Men då er spørsmålet – kor ueinige er vi eigentleg? Det har vorte skapt eit bilete av stor usemje og at fleirtalet ikkje prioriterer viktige saker, som til dømes eldreomsorg. Det må vere lov å seie at mange av oss i kommunestyret ikkje kjenner att eit slikt bilete. Ei heller det at somme parti ikkje har fått vore med i debatten.

Utgangspunktet for den politiske debatten er budsjettet slik det vart lagt fram frå kommunedirektøren. Budsjettet har vore innom alle utvala og i formannskapet mange gonger. Nettopp for at alle representantane skulle få nok informasjon og høve til å seie kva dei meiner bør prioriterast.

Sjølv om budsjettet er stort (om lag 2,3 milliardar), er handlingsrommet derimot særs lite. Det er ikkje slik at vi som politikarar står fritt til å prioritere alt vi har lyst til. Tvert i mot, for vi veit at inntektene ikkje står i stil med utgiftene. Det er difor naudsynt å sjå på korleis drifta kan gjerast meir rasjonell. Dette må, og blir gjort, i alle sektorane i kommunen.

Alle politikarane i Sunnfjord kommunestyre veit at vi står føre ei eldrebølgje, og alle er einige om at omsorg må styrkast. I framlegget frå kommunedirektøren er omsorg styrka med 12,35 millionar. Etter den politiske handsaminga vart det lagt på ytterlegare 1,5 millionar. Noko som blant anna betyr 21 nye stillingar. Det er nok behov for meir, men satsa – det blir det.

Men så er det ikkje berre omsorgssektoren som er pressa og som skulle hatt meir midlar. Det er dessverre framleis mange uløyste behov. Ikkje minst gjeld dette teknisk drift. Vi veit at vi bruker for lite på vedlikehald, og vi veit så inderleg vel at det er ein dårleg idé på lang sikt. Elles er det til dømes stort behov for nye lærebøker i skulen. Slik kan ein halde fram, sektor for sektor. For pengesekken er ikkje stor nok.

Slik eg oppfattar det er ikkje politikarane i kommunestyret veldig ueinige i kva som må prioriterast. Det vi faktisk er ueinige om er kor mykje meir pengar har vi høve til å bruke. Den «store» usemja handlar til sjuande og sist om korleis finne inndekning for å prioritere meir enn det kommunedirektøren har funne rom til.

Vi har ein handlingsregel som seiar at vi ikkje skal auke lånegjelda. Aukar vi den vil det føre til auka renteutgifter, som i neste runde går ut over drifta. Vi kan òg risikere at vi set viktige investeringar, innan både omsorg og skule, på spel.

Vi kan heller ikkje bruke av disposisjonsfondet til drift. Disposisjonsfondet er sparekontoen vi bør ha i bakhand når det måtte knipe på. Fondet er for lite med det som er, og å bruke av det til drift vil straffe seg på sikt.

Lista over uløyste utfordringar er lang. Det er mykje vil gjerne skulle hatt midlar til, men der er vi ikkje. Politikk handlar om å prioritere. Spesielt i budsjettsamanheng.

Rune Hegrenes, Kommunestyrerepresentant Senterpartiet, Sunnfjord