Meny
Jenny Følling

Svar til Vereide

Det er oppsiktsvekkande og høgst uvanleg at ein stortingsrepresentant kritiserer lokaldemokratiet slik Torbjørn Vereide gjer i Firda 08.01.22.

Det er spesielt at Vereide frå Ap kritiserer Sunnfjord kommune for å ikkje fjerne avkorting av barnetrygd i sosialhjelpa frå 1. januar, når Stortinget sjølv gjer det først frå 1. september 2022. Og når vi veit at dette forslaget ikkje vart prioritert av regjeringa i deira tilleggsproposisjon, men vart forhandla fram av Sv, så stiller oppslaget seg i eit merkeleg lys. 

Som ordførar kjem eg alltid til å forsvare det kommunestyret har bestemt, uavhengig av om eg er einig eller ikkje. Det er slik spelereglane er. Det er kommunestyret sitt vedtak som gjeld og skal gjennomførast.

Sunnfjord kommunestyre har gjort akkurat slik Stortinget har vedteke. At barnetrygda skal haldast utanfor sosialhjelp frå 1. september. Utsegna til Vereide om at «Haldningane til dette lokalt viser kor nødvendig det var å sette skåpet på plass nasjonalt» uttrykkjer manglande tillit til dei folkevalde og administrasjonen i Sunnfjord kommune.

Eg kan forsikre om at barnefattigdom og sosialhjelp har vore diskutert mange gonger i Sunnfjord. NAV har informert kommunestyret, formannskapet og utvalet for omsorg fleire gonger, og vi stolar på det fagfolka våre seier. Dei er klare på at vi leverer gode tenester og følgjer opp enkeltfamiliar. Seinast like før jul hadde NAV Vest regionmøte i Førde. Dei peika spesielt på Sunnfjord kommune sitt gode arbeid med å følgje opp sosialhjelpsmottakarar, bruke kvalifiseringsstøtte og å støtte opp under arbeidslinja. Vi er som Vereide, opptatt av barnefattigdom, men også å hjelpe dei som ikkje kvalifiserer til sosialhjelp men slit økonomisk. Då er fritidskort eit verkemiddel, og vi er glade for at regjeringa har innført gratis kjernetid i SFO.

Kommunestyret har prioritert pleie og omsorg i dette budsjettet, fordi behova der er størst. Der er stor slitasje på tilsette og høgt sjukefråvær. Og det trengs meir framover fordi vi blir fleire eldre som vil trenge pleiebehov. I tillegg er det store uløyste behov på andre område. Nye lærebøker til ny læreplan, store uløyste oppgåver på teknisk sektor på drift og vedlikehald, og midlar til klimaomstilling. Det er desse dilemma kommunestyret står i, og må prioritere mellom.

Stortinget si oppgåve er først og fremst å sikre kommunane store nok økonomiske rammer til å løyse oppgåvene våre på ein god måte. Eg inviterer gjerne Vereide til Sunnfjord kommune for å vise han alle dei tiltaka vi ikkje kunne sette i verk i årets budsjett. Det vil vere god kunnskap å ha med til neste Statsbudsjett.

Vereide tek som sagt æra av eit framlegg som ikkje var med i tilleggsproposisjonen frå Ap og Sp. Vi kan vere samde om at det er bra at Stortinget har funne pengar til dette i sitt budsjett, men dei som kan ta æra for at det kom inn i budsjettet er vel eigentleg SV, som forhandla det inn i siste runde.

 

Jenny Følling

Ordførar Sunnfjord kommune