Telemark Senterparti: 6.året på rad med medlemsauke!
Telemark Senterparti har felles årsmøte med Vestfold Senterparti på Quality Straand Hotell fredag 1. og laurdag 2. mars. Hovudgjest på årsmøtet er 1.nestleiar Ola Borten Moe i Senterpartiet.
Delar av årsmøtet har fylkespartia separate fylkesårsmøter medan fredag og delar av laurdag med handsaming av nytt fylkesprogram er felles.
Fylkesleiar Olav Urbø er ikkje på val i 2019 medan 1. nestleiar Åslaug Sem-Jacobsen og styremedlem Borgar Kaasa begge takkar ja til attval. Ny studieleiar er foreslått Kari-Anne Nordbø, Nissedal.
Telemark Senterparti kan sjå tilbake på det 6.året med medlemsframgang. I 2018 er medlemstalet auka frå 845 til 868. Sidan 1. januar i 2019 har 81 personar meldt seg inn i partiet og 21 har meldt seg inn i Telemark Senterungdom.
Telemark Senterparti vil stille lister i alle kommunar i Telemark. Saman med Ap er partiet det einaste som gjer dette.
I 2018 har fylkespartiet eit eige reiselag på 6 personar som har besøkt alle lokallaga i fylket og mange lag har også hatt slik besøk to gonger på vinter og haust. Det viser seg at denne satsinga på organisasjonen med tanke på komande valg gjer synlege resultat også i form av auka medlemstal og aktivitet opp mot komande kommunevalg.