Meny

- Sp går for å oppretthalde Kleivgrend

-          Det er uhaldbart at regjeringa går inn for å leggje ned skogsleiren i Fyresdal, samtidig som det er mangel på soningsplassar her til lands, seier førstekandidat for Telemark Senterparti, Åslaug Sem Jacobsen. 

Ho får støtte frå justispolitisk talskvinne i Senterpartiet, Jenny Klinge, som viser til at partiet i deira alternative statsbudsjett i denne perioden har lagt inn midlar til å oppretthalde Kleivgrend.

– Eg tykkjer eigentleg det heile er trist. Her treng vi soningsplassar som også gir eit innhald i soninga og høve til god rehabilitering, og så vil regjeringa leggje ned fengselsplassar som har nettopp eit slikt positivt innhald, seier stortingsrepresentanten frå Senterpartiet.  

Sem Jacobsen viser til at desse fengselsplassane er kostnadseffektive plassar, og at det for lokalsamfunnet sin del har positive ringverknader at skogsleiren er der. 

-          Dette er ein viktig arbeidsplass i ein liten kommune. Hugs at Fyresdal har 1319 innbyggjarar, medan skogsleiren har 17 tilsette, seier førstekandidaten.  

Jenny Klinge legger vekt på at tilbodet skogleiren gir får gode skussmål, og understrekar at Senterpartiet heller vil ha meir av slike tilbod enn mindre.

– Rett og slett fordi fengsel ikkje berre skal vera straff, det skal også vera rehabilitering og leggje til rette for eit lovlydig liv etter endt soning, seier Klinge. 

Klinge og Sem Jacobsen slår fast at Senterpartiet vil arbeide hardt for at Kleivgrend ikkje blir lagt ned i 2020, slik regjeringa og støttepartia har vorte samde om.  

Eg tykkjer det er veldig positivt at Lene Vågslid frå Arbeidarpartiet er så engasjert i denne saka også, og det er derfor grunn til å tru at eit regjeringssamarbeid mellom oss i Senterpartiet og Ap frå hausten av vil kunne bety godt nytt for Kleivgrend, meiner Sem Jacobsen. – Vi er i alle fall heilt klåre på at ei nedlegging er uaktuelt, avsluttar ho.