Meny

Kommuneprogram 2015-2019

Her er kommuneprogrammet 2015-2019

Kommunevalprogram for Fyredal Senterparti 2015-2019.

Fyresdal Senterparti stiller til val med ein røynd og ryddig ordførarkandidat som vil samtale med innbyggjarane for å kome fram til dei beste løysingane og best utnytting av felles ressursar.

Fyresdal SP vil i dei neste 4 åra sjå til at kommunen kan halde fram med å gje gode tenester innan helse, omsorg, skule og barnehage, og vi vil  leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø for dei flinke og engasjera medarabeidarane på alle felt. Kommunale opplæringsmidlar skal nyttast planmessig og målretta.

Fyresdal SP vil framleis  ha stort fokus på tilrettelegging for satsing i næringslivet. Auka sysselsetting og vekst i folketalet er heilt naudsynt for at vi kan halde fram å  vere ein god kommune å bu og leva i. Fyresdal har lange og ubrotne tradisjonar for eit godt og aktivt jordbruk, og vi ser no gledeleg optimisme i husdyrhaldet der fleire vel å satse på garden. Fyresdal har store ressursar innan jord, skog og utmark  som kan nyttast endå betre, med mål om auka verdiskaping og sysselsetjing. Vi skal vere med å levere på målsettinga til Stortinget om 20 % auka matproduksjon dei neste 20 åra.

Fyresdal SP har vore aktiv deltakar i arbeidet med kommunedelplanen for næring, landbruk og busetjing  for 2015-2018, og vi vil støtte opp om strategiane her.

Fyresdal kommune har lite lånegjeld samanlikna med andre kommunar i regionen.  Ansvarleg økonomisk styring må samstundes gje rom for framtidsretta investeringar.

Mangfaldet av lag og organisasjonar i Fyresdal er stort, og vi  finn inkluderande miljø og gode møteplassar i heile kommunen. Utan friviljuge innan idrett og organisasjonsliv stoppar Fyresdal opp.

Kyrkja er open og inkluderende og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Fyresdal står framføre viktige val som gjeld kommunestruktur. Fyresdal SP ynskjer ein brei og god prosess. Komande kommunestyre må sikre tenester og tilrettelegging for dei neste 4 åra  og samstundes sjå lengre inn i  ei spanande framtid.

 

Fyresdal SP vil ha fokus på 6 hovudpunkt i programmet for dei neste 4 åra:

 

 

1.       Sikre og auke talet på arbeidsplassar:

Vi vil:

·         Setje av nok pengar til næringsfond for å fylgje opp vidareutvikling og nyetablering innan landbruk og øvrige næringar.

·         Ha fleire gardar i drift. Det er plass til fleire beitedyr i utmarka.

·         Handheve driveplikta. Dei som ynskjer det, skal ha tilgang på godt drenert jord i god hevd.

·         Utnytte dei store utmarkressursane med å satse på hyttebygging, reiseliv, ski-, tur- og skuterløyper.. Gå for dispensasjonar frå kommuneplanen når dette er fornuftig.

·         Skogbruket og verksemder knytte til skog og utmark skal ha gode vilkår.

·         Leggje til rette for at næringssatsing innafor handel, service-  og byggjebransje har fotfeste i kommunen.

·         Framleis ha fokus på kompetansearbeidsplassar knytte til næringshagen og andre verksemder i bygda.

·         Fylgje opp tiltaka i Plan for landbruk, næring og busetting.

·         Nytte alle kanalar som kan føre til  gode vegar til Fyresdal og  innan kommunen.

 

2.       Utvikle og vidareføre gode oppveksttilhøve for barn og unge. 

Vi vil:

·         Sikre at skule og barnehage får  ressursar til å gje eit godt tilbod tilpassa kvart eindskild barn.

·         Ha fokus på helse og tryggleik i skule og barnehage.

·         Lære barna våre om trygg trafikk ved å ha tydeleg oppmerka gangveg frå skilta parkeringsplass til skule, barnehage og helsehus.

·         Ta i bruk «inn på tunet» og liknande, med tilbod om alternative læreplassar som gir dokumentert opplæring.

·         At alle barn i skule og barnehage skal få god og næringsrik mat som eit folkehelsetiltak.

·         Oppretthalde og utvikle gode møteplassar og fritidstilbod for barn og unge.

 

3.       Utvikle og vidareføre  helse- og omsorgstilbodet i kommunen. 

Vi vil:

·         Omsorgstenesta i Fyresdal skal framleis vere av dei beste i landet.

·         Ha sterkt fokus på auka kompetanse for å møte nye utfordringar.

·         Satse systematisk på førebygging og rehabilitering.

·         Take i bruk ny velferdsteknologi og andre hjelpemiddel som gjer folk meir sjølvhjelpte.

·         Utvide dagtilbodet for heimebuande eldre.

·         Ha både fysio- og ergoterapiteneste.

·         Flyktningar som bur i kommunen,  skal vere sikra gode vilkår på alle område; helse, undervising, arbeid og sosial deltaking.

 

4.       Kommunestrukturen.

Vi vil:

·         Vere aktiv med i samarbeidet med kommunane i Vest Telemark og i prosessen kring kommunestrukturen.

·         Tilrettelegge for brei innbyggjardeltaking i denne prosessen.

·         Arbeide for at Fyresdal kan vele å halde fram som  eigen kommune. Samstundes vil vi sjå på alternative løysinger som kan vere framtidsretta og gode for bygda vår.

·         Samarbeide endå meir med dei andre kommunane i Vest-Telemark om kommunal tenesteyting  der det er naturleg.

 

5.       Busettingsmønster med eit sterkt sentrum og positiv utvikling i grendene. 

Vi vil ha:

·         Levande grender med huskrullar, ressursrike gardar, småbruk og særprega naturtomter.

·         Eit kompakt og vakkert sentrum, med variera tilbod innan handel, kultur, offentlege tenester, sport og fritid.

·         Eit særmerkt landsbymiljø i Folkestadbyen.

·         God og informativ skilting av offentlege bygg og parkeringsplassar.

·         Stimulerinstiltak til unge (under 35 år) til 1. gongs etablering av eigen bustad i Fyresdal  med tilskott på inntil kr. 100.000.-

 

6.       Kultur og kyrkje

Vi vil:

·         Leggje til rette for eit rikt og variera kulturliv med gode og inkluderande møteplassar, idrettsglede og gode opplevingar.

·         Vidareføre Kulturskulen med minst same breidde som nå.

·         Stø opp om alt friviljugt arbeid i grendelag og andre organisasjonar, for trivsel, dugnad og samkjensle.

·         Byggje Førsdalshallen.

·         Ha ein frivillighetssentral som kan vere med å leggje til rette for ein meiningsfylt kvardag for folk i alle aldrar.

·         Stø opp om det viktige  arbeidet kyrkja gjer, med stor innsats av tilsette, sokneråd og friviljuge.