Meny

Kommuneprogram 2015-2019

Her er kommuneprogrammet for 2015-2019

Nissedal:

 

Nissedal Senterparti –

nær folk i heile kommunen!

 

Det gode nærmiljø

Nissedal skal vere ein god kommune å leve og bu i. Gode nærmiljø, kulturtilbod, fritidsaktivitetar og variert næringsliv er viktige faktorar for folketalsauke, trivsel og kjensle av å høyre til. Nissedal Senterparti har høge krav til kvalitet i barnehagar, skular, helse og innan eldreomsorg. Me ynskjer å sikre innbyggjarane sine behov ved god og rasjonell drift.

Me i Nissedal Senterparti er stolte av kommunen vår. Me vil synleggjere det positive i heile kommunen. Me vil arbeide for at Treungen skal vere eit attraktivt sentrum, og for at alle grendene skal ha ei positiv utvikling.

Derfor seier Nissedal Senterparti:

- JA til gode oppvekstvilkår med 5 dagars skuleveke og SFO i alle nærmiljø.

- JA til full barnehagedekning der barna bur, med høg fagleg kvalitet og fleksible løysingar.

- JA til ein god og verdig alderdom, tilpassa den einskilde sitt behov.

- JA til tilbod om dagsenter for alle eldre i kommunen.

- JA til inkluderande og god integrering av flyktningar som vert busett i Nissedal.

- JA til ein kommunal forvaltning med optimal økonomistyring, og eit langsiktig mål om å fjerne eigedomsskatten.

- JA til opprusting av kommunale bygg.

- JA til det personlege og private initiativ.

- JA til eit rikt og allsidig kulturtilbod.

- JA til eit aktivt friluftsliv, eit trygt bade- og båtmiljø og bevaring av friområde.

- JA til å støtte friviljuge lag og organisasjonar.

 

 

Det gode lokaldemokrati

Nissedal Senterparti meiner lokaldemokratiet er truga av den føreslegne kommunereforma. Me vil arbeide aktivt mot den sentraliseringsiveren dei største partia står for. Me er mot tvangssamanslåing av kommunar.

Derfor seier Nissedal Senterparti:

− JA til Nissedal Kommune!

− JA til interkommunalt samarbeid.

− JA til folkeavstemming om kommunestruktur.

− JA til å vere ein kommune med god lokal tenesteproduksjon.

− JA til vidareføring og utvikling av Vest-Telemarkrådet.

 

 

Det gode, pro-aktive og bærekraftige næringsliv

Kommunen skal ikkje sjølv drive næringsverksemd, men arbeide aktivt for å sikre og vidareutvikle eksisterande arbeidsplassar, og leggje til rette for etablering av nye. Kommunen må ta ansvar for at det blir bygd naudsynt infrastruktur for næringslivet.

Derfor seier Nissedal Senterparti:

- JA til å vere ein aktiv landbrukskommune med drift på alle gardsbruk, uavhengig av storleik.

- JA til kortreist mat.

- JA til næringshage i Nissedal.

- JA til E134 som hovudveg mellom aust og vest.

- JA til aktiv oppfylging av opprustingsarbeidet på riksveg 41.

- JA til fibernett og betre mobildekning i Nissedal.

- JA til å aktivt å legge til rette for alle som ynskjer å skape arbeidsplassar i kommunen.

- JA til Nissedal som heilårs turistdestinasjon.

- JA til fleire lærlingplassar.

- JA til utviklinga av området kring Søftestad Gruber.

- JA til grønt skifte for betre klima og ladestasjonar for el-bilar i Nissedal Kommune.