Meny

Kommuneprogram for 2015-2019

Her er programmet for Vinje Sp 2015-2019

PROGRAM FOR VINJE SENTERPARTI 2015 - 2019 

 

Ideologi

Senterpartiet vil ha eit samfunn med frie sjølvstendige menneske som med tru på eigne evner tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet og natur og miljø. Partiets menneskesyn byggjer på  det kristne verdigrunnlaget og humanistiske verdiar i pakt med dette. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og respekten for menneskeverdet er overordna andre verdiar.

 

Senterpartiet arbeider for desentralisering av makt, kapital og busetjing. Senterpartiet vil bygge samfunnet nedafrå. Føresetnaden for eit levande folkestyre er nærleik, likeverd og korte avstandar mellom dei som tek avgjerd og dei som avgjerda får verknad for. Senterpartiet vil desentralisere makt slik at flest mogleg kan vere med i samfunnsutforminga. Fellesskap og likeverd mellom folk inneber at makt, kapital og eigedom bør spreiast på mange hendar.

 

Senterpartiet vil sikre den private eigedomsretten. Tryggleik rundt retten til eigedom er viktig for den einskilde og utviklinga i eit land.

  

Kommunereform

Vinje Senterparti er mot regjeringas kommunereform. Dette er ei reform for sentralisering og vil medføre svekka lokalt sjølvstyre.

 

Vinje kommune er ein robust kommune med eit godt tenestetilbod til innbyggarane. Med dei geografiske avstandane me har i Vinje og til nabokommunane vil ei samanslåing medføre ulemper for kommunens innbyggarar. Det vil svekke lokaldemokratiet då det blir færre folkevalde og lengre avstandar til kommunesenter. Fleire av tenesteytingane til kommunen, så som eldreomsorg, skule og barnehage m.m. løysast best gjennom nærleik til brukarane. Ei kommunesamanslåing kan medføre at desse tenestene blir svekka lokalt då det vert større konkurranse om ressursane.

 

Vinje Senterparti meiner eit samarbeid med andre kommunar kan gjerast gjennom interkommunale samarbeid så som i dag.

 

Vinje Senterparti vil m.a.:

·         Avslutte kommunereformarbeidet i Vinje og arbeide for at Vinje kommune held fram som eigen kommune.

·         Halde fram med og vidareutvikle det interkommunale samarbeidet.  

 

Næringsutvikling

Vinje Senterparti meiner næringsutvikling er rota til alt godt. Å trygge og skape nye arbeidsplassar i Vinje og regionen fører til auka tilflytting som igjen  fører til auka aktivitet. Gjennom tilflytting og nye arbeidsplassar får kommunen auka både rammetilskott, andre statlege overføringar og skatteinntekter. For at Vinje kommune framleis skal kunne ha gode offentlege tenester, må vi trygge inntektene til kommunen.

 

Vinje kommune har i dag eit rikt næringsliv. Store næringar er reiselivsnæringa, handelsnæringa, landbruksnæringa, handverkartenester og servicenæring. Det er både store og små verksemder, og det er verksemder innan andre næringsgrupper, som t.d. AiR og kulturarbeidsplassar. Vinje har òg mange innbyggarar som pendlar. Vi må ha tre fokus samstundes: Trygge eksisterande næring, støtte vekst i eksisterande næring og støtte etablering av ny næring.  

 

Vinje Senterparti vil m.a.:

Lytte til næringslaga og arbeide for dei tinga som næringslaga meiner er viktige. Det offentlege næringsapparatet må ha eit tett samarbeid med næringslivet.
Ha aksjon oppatt-grøfting av gamal eng. Vi vil setje av ein eigen sum på budsjettet i perioden som skal auke tilskottet til oppatt-grøfting av eng med gamle grøfter.
Styrke marknadsføringa av reiselivsdestinasjonane i kommunen.
Vera positive til utbygging av småkraftverk.
Arbeide for å få statlege arbeidsplassar til Vest-Telemark.
Sjå utbygging av infrastruktur saman med trongen pendlarane har. 
Støtte etableringa av kulturell næringshage på Vinjar.
Arbeide for etablering av næringshage i kommunen.
Finne nye måtar å finansiere næringsfondet på i ei tid med svekka konsesjonsinntekter.
At kommunen skal medverke til at verksemder får naudsynt næringsareal. Kommunen bør finne meir ledig areal til næringsføremål/industriområde.
Arbeide for at heile kommunen får utbygd breiband for å stimulere til lokal busetjing og lokale arbeidsplassar.
Styrke tradisjonsmatproduksjon i kommunen og regionalt.
Ordninga med landbruksvikar skal vidareføras slik som den er i dag. 
Ynskjer ikkje søndagsopne butikkar utover dagens ordning.
 

 

Skule

Lokale skular og barnehagar er viktig for identiteten til grendene. Plassering ute i grendene hindrar sentralisering i kommunen då folk ynskjer å bu der det er gode tilbod til skule og barnehage. Alle delar av kommunen skal ha tilbod om skule/barnehage med godt pedagogisk innhald, god kvalitet, samt ein trygg skuleveg. Vinjeskulen må ha gode rammer slik at den kan nå måla sine med høgt læringsutbytte og godt læringsmiljø.   

 

Vinje Senterparti vil m.a.:

Oppretthalde dagens skulestruktur med det talet på skular og barnehagar me har i dag.
Fortsetje ordninga med gratis skulemat til alle elevar i skulen.
Ha nulltoleranse for mobbing.
At det blir gjennomførd naudsynte trafikksikringsprosjekt langs dei vegane born ferdast, slik at alle elever får ein trygg skuleveg.
At alle avdelingane i barnehagane skal ha to pedagogar.
 

  

Politi/lensmann

Regjeringa har foreslått ei stor sentralisering av dagens politidistrikt ned til 12 distrikt, samt ein kraftig reduksjon på talet tenestestadar. Dette vil medføre hardare kamp om ressursane og nedprioritering av utkantane.

 

For å kunne bygge trygge og gode lokalsamfunn, meiner Senterpartiet det er naudsynt at beredskapseiningane er til stades. Lokalkunnskap, kort responstid og tilgjengeleg beredskapsutstyr er då ein føresetnad. Her har lensmannskontora ein viktig funksjon.

 

Vinje Senterparti vil m.a.:

·         Styrke det lokale lensmannskontoret og legge til rette for at dette blir verande i kommunen.

·         Arbeide for å hindre ei sentralisering av politi/lensmann.

 

 

Ungdom og fritid

Gode fritidstilbod for barn og ungdom er viktig. Det skal vere godt å vekse opp i Vinje kommune. Me må stø opp om idrettslag, kulturskule og andre lag, organisasjonar og møteplassar skapt gjennom friviljug arbeid.   

 

Vinje Senterparti vil m.a.:

Sikre at kulturskulen har eit omfang minst like omfattande som i dag. 
Støtte opp om motorklubben i Haukeli.
Støtte etableringane av motorkrossbane i Haukli og i Styggedal ved Høydalsmo.
Oppretthalde dagens ordning med løypenettet for snøskuter dersom det blir høve til å etablere dette som ei permanent ordning.
Sikre at Heimdal ungdomshus blir brukt til ungdomshus så snart påbygginga av Rauland barnehage er ferdig – påska 2016. For framtida skal ikkje ungdomshus/grendehus stengast for brukarane av husa med mindre kommunen fyrst avklarar det med brukarane av husa.
Ordninga med sumararbeid for ungdom skal halde fram.
SLT-koordinator gjer ein viktig førebyggjande jobb, og det må halde fram med minst like stor styrke som i dag.
 

  

Kultur

Kultur og målform er identitetsskapande. Vinje kommune har ei rik kulturarv og eit rikt kulturliv. Det er ein verdi i seg sjølv, men òg ein verdi for trivsel og som arbeidsplassar.

 

Vinje er ein nynorsk-kommune og skal arbeide for aktiv bruk av nynorsk.  Dette må kome til uttrykk i skule og barnehage. Heile administrasjonen må gjerast i stand til å nytte god nynorsk i all saksutgreiing og kommunal korrespondanse.

 

Vinje Senterparti vil m.a.:

At Vinjehuset skal ha det utstyret det treng for å vera ei profesjonell scene.
At all marknadsføring og merkevarebygging av Vinje kommune skal skje på nynorsk. Dette bør òg gjelde for reiselivselskap som har kommunen som samarbeidspartnar.
 

  

Helse og omsorg

Vinje kommune skal vera ein god kommune å bu i uansett alder, funksjonsnivå eller livssituasjon. Vi skal ha god kvalitet på helse- og omsorgstenestene i kommunen. I samband med samhandlingsreformen vil vi arbeide for at Vinje kommune når måla i reformen.

Vinje senterparti vil òg arbeide for:

·         Ei heilskapleg organisering av kommunens helse- og omsorgstenester.

·         At alle skal kunne bu heime så lenge dei ynskjer, men få eit godt og eigna tilbod når dei har trong for t.d. omsorgsbustad eller sjukeheimsplass.

·         Ei kompetent og verdig eldreomsorg.

·         Helsefremjande og førebyggande arbeid for born og unge.

·         Å utvikle samarbeidet mellom offentlege tenester og frivillige organisasjonar.

·         Å vidareutvikle interkommunalt samarbeid.

·         Fysisk aktivitet som helsefremjande og førebyggande tiltak.

·         Å arbeide for å få ein base for luftambulansen i Vinje eller Bykle.

·         Å styrke tiltak innan psykisk helse og rus.

·         Vil finansiere 8 lærlingeplasser innen helsefag.

·         Å gjennomføre modellen med hovudkontor for legar i Åmot og doktordagar i Edland og på Rauland.

  

 

Integrering

Mottak og integrering av flyktningar er ei viktig samfunnsoppgåve. Det er eit kommunalt ansvar i ein nasjonal dugnad.

 

Vinje senterparti vil:

·         Bygge minst 12 nye bustader for flyktningar. 

·         Ta imot minst 10 nye flyktningar kvart år.

 

 

Samferdsel:

Vinje Senterparti meiner at god og moderne samferdsel er ei av dei viktigaste verkemidla ein kan ha i distrikta for å få til ei positiv  utvikling i næringsliv og folketal. For Vinje kommune vil E134 og Høgfartsbane over Haukeli utgjera avgjerande rammevilkår for å sikre nye og etablerte arbeidsplassar, samt å skape ei positiv folketalsutvikling i framtida.

 

E134: Vinje Senterparti vil arbeide for at det prioriterte alternativet for vegsambandet mellom austlandet og vestlandet for E134, som Statens Vegvesen har lagt fram, får første prioritet ved neste rullering i National Transportplan. Vi meiner det er viktig at konsept-traseen som ligg i alternativet frå Statens Vegvesen blir fylgd, med lange tunnellar (frå Røldal til Vågsli) for vintersikker veg og trase om Rauland (netto nytteverdi: +12 milliardar kr. i flg. Statens Vegvesen). Dette vil gje det beste trafikkgrunnlaget og den beste samfunnsøkonmiske lønsemd for ei så stor samferdselsinvestering, og dermed størst positive ringverknader også for Vinje kommune.

 

Høgfartsbanen: Vinje Senterparti vil arbeide for at Høgfartsbanen over Haukeli blir ein realitet og vil stø opp om Norsk Bane slik at dette viktige arbeidet kan halde fram.

 

Fylkesvegane: Vinje Senterparti vil arbeide for oppgradering og vedlikehald av fylkesvegane, som har eit stort etterslep på vedlikehaldet.

 

  

Høgskulen i Telemark

Rauland må få ein styrka posisjon som studiestad i høgskulesystemet. Det er viktig at instituttet på Rauland har ei overordna målsetjing med fokus på handverk, tradisjon og kultur innafor tre, tekstil, metall, folkemusikk og matkultur. Det vil styrkje primærnæringa / landbruket i fleire ledd. Satsing på lokalmat, gründerar, verdiskapning i regionen og reiseliv. HiT kan òg syte før kvalitetssikring i desse ledda. Dette er uavhengig av universitetsstatus eller ikkje. Det er viktig og tenkje framtid som skapande og utviklande for bygde- Noreg, då lyt ein satse på det me kan få til.

 

Ein lyt fremje og vera stolt av folkekulturen. HiT har med instituttet på Rauland eit framifrå høve til å styrkje truverdet og omdømmet innan kulturfaget, kulturformidlinga og Telemarks stolte tradisjonar innan desse fagområda i eit nasjonalt perspektiv.

  

Økonomi

Vinje kommune har ein god økonomi, men det er òg utfordringer i kommuneøkonomien. Vinje Senterparti ynskjer å brukar pengar på oppfylling av punkta i valprogrammet. Ein del av dette er finansiert i budsjettet i dag, og noko kan gjerast med små justeringar i budsjettet. Noko må finansierast ved å auke inntektene og/eller prioritere bort andre ting.

·         Vinje Senterparti vil ikkje innføre generell eigedomsskatt.

·         Vinje Senterparti vil vere varsam med å ta opp ny lånegjeld. Gjelda i kommunen bør ned, ikkje opp. Kommunen brukar ca. kr. 25 millionar pr. år på å betale renter og avdrag på gjeld. Ved å ikkje auka gjelda vil kommunen frigjere pengar på driftsbudsjettet etter kvart som gjelda blir redusert og årleg rentesum går ned.

·         Vinje Senterparti meiner auka aktivitet i næringslivet vil føre til auka skatteinntekter til kommunen. Næringsutvikling må difor ha høg prioritet.