Meny
Bli medlem

PROGRAM FOR VINJE SENTERPARTI 2019 - 2023

Sist endret: 27.09.2020 #Vinje

Her er programmet for komande periode:


Ideologi
Senterpartiet vil ha eit samfunn med frie sjølvstendige menneske som med tru på eigne evner tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet og natur og miljø. Partiets menneskesyn byggjer på det kristne verdigrunnlaget og humanistiske verdiar i pakt med dette. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og respekten for menneskeverdet er overordna andre verdiar.

Senterpartiet arbeider for desentralisering av makt, kapital og busetjing. Senterpartiet vil bygge samfunnet nedafrå. Føresetnaden for eit levande folkestyre er nærleik, likeverd og korte avstandar mellom dei som tek avgjerd og dei som avgjerda får verknad for. Senterpartiet vil desentralisere makt slik at flest mogleg kan vera med i samfunnsutforminga. Fellesskap og likeverd mellom folk inneber at makt, kapital og eigedom bør spreiast på mange hendar.

Senterpartiet vil sikre den private eigedomsretten. Tryggleik rundt retten til eigedom er viktig for den einskilde og utviklinga i eit land.

JA til Vinje
Vinje Senterparti er mot regjeringas kommunereform. Dette er ei reform for sentralisering og vil føre med seg svekka lokalt sjølvstyre.
Vinje kommune er ein robust kommune med eit godt tenestetilbod til innbyggarane. Med dei geografiske avstandane me har i Vinje og til nabokommunane vil ei samanslåing føre med seg ulemper for kommunens innbyggarar. Det vil svekke lokaldemokratiet då det blir færre folkevalde og lengre avstandar til kommunesenter. Fleire av tenesteytingane til kommunen, så som eldreomsorg, skule og barnehage m.m. blir best løyste gjennom nærleik til brukarane. Ei kommunesamanslåing kan føre med seg at desse tenestene blir svekka lokalt då det blir større konkurranse om ressursane.

Vinje Senterparti er garantist for at Vinje kommune held fram som eigen kommune i framtida..


Næringsutvikling
Vinje Senterparti meiner næringsutvikling er rota til alt godt. Å trygge og skape nye arbeidsplassar i Vinje og regionen fører til auka tilflytting som igjen fører til auka aktivitet. Gjennom tilflytting og nye arbeidsplassar får kommunen auka både rammetilskot, andre statlege overføringar og skatteinntekter. For at Vinje kommune framleis skal kunne ha gode offentlege tenester, må vi trygge inntektene til kommunen.

Vinje kommune har i dag eit rikt næringsliv. Store næringar er reiselivsnæringa, handelsnæringa, landbruksnæringa, handverkartenester og servicenæring. Det er både store og små verksemder, og det er verksemder innan andre næringsgrupper, som t.d. Rehabiliteringssenteret AiR og kulturarbeidsplassar. Vinje har òg mange innbyggarar som pendlar. Vi må ha tre fokus samstundes: Trygge eksisterande næring, støtte vekst i eksisterande næring og støtte etablering av ny næring.

Vinje Senterparti vil m.a.:
• Lytte til næringslaga og arbeide for dei tinga som næringslaga meiner er viktige. Det offentlege næringsapparatet må ha eit tett samarbeid med næringslivet.
• Syte for at det er kommunale støtteordningar for oppatt-grøfting av gamal eng og dyrking av ny jord.
• Støtte utvikling av skogsnæringa. Utfordre næringa til å utnytte dei ressursane me har med vår unike skog bestaånde av seinvaksen gran med sine særeigne eigenskapar.
• Støtte reiselivsmåla i kommunen når det gjeld oppkøyring av skiløyper og anna tilrettelegging som t.d. skibruer.
• Vera positive til utbygging av småkraftverk.
• Arbeide for å få statlege arbeidsplassar til Vest-Telemark.
• Sjå utbygging av infrastruktur saman med trongen pendlarane har.
• Arbeide for etablering av ein næringshage i kommunen gjennom selskapet RN Eigedom as.
• At kommunen skal medverke til at verksemder får naudsynt næringsareal. Kommunen bør finne meir ledig areal til næringsføremål/industriområde, i alle delar av kommunen.
• Tilgang på bustad er viktig for tilgang på arbeidskraft. Vi ynskjer å etablere nytt bustadfelt i Haukeli/Edland.
• Styrke tradisjonsmatproduksjon i kommunen og regionalt.
• Ordninga med landbruksvikar skal vidareførast slik som den er i dag.
• Ynskjer ikkje sundagsopne butikkar utover dagens ordning.
• Ynskjer framleis hytteutbygging i satsingsområda Vågslid og Rauland. Ved vidare utbygging må omsynet til landbruksinteresser og villrein tilleggast større vikt. Samstundes må ein ha ein restriktiv politikk på hytteutbygging i område som ikkje blir rekna som satsingsområde.
• Vinje Senterparti såg at turkesommaren 2018 var ei utfordring for bøndane i Vinje kommune. Vinje Senterparti vil arbeide for at landbruksforetak i kommunen som oppfyller krav til avlingsskade frå landbruksdirektoratet, kan søke kommunen om forskot på 50% av erstatningssum. 
• Vinje Senterparti meiner utbygging av Notodden flyplass er positivt for regionen.

Klima og miljø
Senterpartiet står i ein tradisjon som meiner at ressursane blir best nytta gjennom berekraftig bruk. Me kan ikkje “frede oss fram” til ei berekraftig utvikling – me må ha fornuftig bruk av naturen. Folkeleg deltaking og engasjement er ein av berebjelkane i miljøpolitikken vår.
Vinje Senterparti vil:
- Arbeide for å få til ladestasjon for elbil på Rauland
- Ha større fokus på kor me vil ha ferdsel i utmark. Sti- og løypeplanen er ei byrjing, men me bør legge endå meir til rette for kanalisering av ferdsel dit me ynskjer den. Me skal i større grad verne dei områda der villrein og husdyr ferdast.
- Støtte næringsaktørar som ynskjer å ta i bruk ny klimavenleg teknologi.
- Sikre gode avfallsløysingar for alle som oppheld seg i kommunen, og ta tak i forsøpling langs vegane.

 

Skule
Lokale skular og barnehagar er viktig for identiteten til grendene. Plassering ute i grendene hindrar sentralisering i kommunen då folk ynskjer å bu der det er gode tilbod til skule og barnehage. Alle delar av kommunen skal ha tilbod om skule/barnehage med godt pedagogisk innhald, god kvalitet, samt ein trygg skuleveg. Vinjeskulen må ha gode rammer slik at den kan nå måla sine med høgt læringsutbytte og godt læringsmiljø. Vinje kommune har i mange år hatt ordning med skulemat. Skulemåltidet er viktig for læring, og motverkar mobbing og utanforskap.

Vinje Senterparti vil m.a.:
• Oppretthalde dagens skulestruktur med det talet på skular og barnehagar me har i dag.
• Halde fram med ordninga med skulemåltidet.
• Ha nulltoleranse for mobbing.
• At det blir gjennomførd naudsynte trafikksikringsprosjekt langs dei vegane born ferdast, slik at alle elever får ein trygg skuleveg.


Politi/lensmann
Regjeringa gjennomfører no den såkalla ”nærpolitireformen”. Dette har medført reduksjon på talet tenestestadar, stor sentralisering og nedprioritering av utkantane. For folk i distrikta medfører dette dårlegare beredskap, lengre responstid, samt lengre reiseveg til basisfunksjonar som til dømes fornying av pass og anna.

Vinje Senterparti vil arbeide for betring av responstid, betre lokal beredskap, samt at flest mogleg basisfunksjonar vert verande lokalt.

Vinje Senterparti vil m.a.:
• Vera ein god vertskommune for politiet og styrke det lokale lensmannskontoret.
• Arbeide for å betre responstida til politiet.
• Ha passfunksjon i Vinje.
• At kommunen samarbeider tett med politiet når det gjeld handlingsarbeid blant ungdom og førebygging av kriminalitet.

 


Ungdom og fritid
Gode fritidstilbod for barn og ungdom er viktig. Det skal vera godt å vekse opp i Vinje kommune. Me må stø opp om idrettslag, kulturskule og andre lag, organisasjonar og møteplassar skapt gjennom friviljug arbeid. Den nye ordninga med ferietilbod og ferieaktivitetar for ungdom har vore særs vellukka, og må vidareførast. På denne måten vil kommunen gje ungdom ferietilbod – utan omsyn til familiens økonomiske handlingsrom.

Vinje Senterparti vil m.a.:
• Sikre at kulturskulen har eit omfang minst like omfattande som i dag.
• Vidareføre og vidareutvikle ordninga med ferieaktivitetar for ungdom i kommunal regi. All ungdom skal få tilbod om innhald i ferien. 
• Oppretthalde og utvikle dagens ordning med løypenettet for snøskuter.
• At ordninga med sumararbeid for ungdom skal halde fram, men den må i større grad tilpassast verksemdene og kommunen sin trong for arbeidskraft.
• SLT-koordinator gjer ein viktig førebyggjande jobb, og dette må halde fram med minst like stor styrke som i dag.
• Sikre at ungdomar framleis får lærlingplassar i kommunen. Rekruttering er viktig. Dessutan er det viktig å ha tilbod om læreplassar. Ikkje alle ynskjer å flytja, ut av heimkommunen i læretida. Dette kan vere med på å syte for, at læretida blir fullført.
• Vinje Senterparti har som mål å oppretthalde og vidareføre den gode kontakten som er mellom dei friviljuge organisasjonane og kommunen.
• Kommunestyret vedtok strategiplan for Vinje Frivilligsentral i januar 2019. Denne strategiplanen vil Vinje Senterparti sjå til at blir fylgt opp.

 

Kultur
Kultur og målform er identitetsskapande. Vinje kommune har ein rik kulturarv og eit rikt kulturliv. Det er ein verdi i seg sjølv, men gjev og trivsel og og arbeidsplassar.

Vinje er ein nynorskkommune og skal arbeide for aktiv bruk av nynorsk. Dette må kome til uttrykk i skule og barnehage. Heile administrasjonen må gjerast i stand til å nytte god nynorsk i all saksutgreiing og kommunal korrespondanse.

Vinje Senterparti vil m.a.:
• At Vinjehuset skal ha det utstyret det treng for å vera ei profesjonell scene.
• At all marknadsføring og merkevarebygging av Vinje kommune skal skje på nynorsk. Dette bør òg gjelde for reiselivselskap som har kommunen som samarbeidspartnar.
• Støtte opp om Vinje-senteret sin aktivitet.
• Arbeide med etablering av Telemark Skulptursenter på Rauland for å samle og vise fram verdfulle delar av kulturarven vår. Me ynskjer at miljøet rundt skal bli styrkt.
• Arbeide for at Kulturminneplanen for Vinje blir ein realitet.


Helse og omsorg
Vinje kommune skal vera ein god kommune å bu i uansett alder, funksjonsnivå eller livssituasjon. Vi skal ha god kvalitet på helse- og omsorgstenestene i kommunen. I samband med samhandlingsreformen vil vi arbeide for at Vinje kommune når måla i reformen.
Vinje senterparti vil òg arbeide for:
• Ei heilskapleg organisering av kommunens helse- og omsorgstenester.
• At alle skal kunne bu heime så lenge dei ynskjer, men få eit godt og eigna tilbod når dei har trong for t.d. omsorgsbustad eller sjukeheimsplass. Ei kompetent og verdig eldreomsorg.
• Utvikle og nytte velferdsteknologi til beste for både brukarar og helsetenestene. Gjera kommunen meir tilgjengeleg digitalt både for gamle og unge.
• Helsefremjande og førebyggande arbeid for born og unge.
• Å utvikle samarbeidet mellom offentlege tenester og friviljuge organisasjonar.
- Fysisk aktivitet som helsefremjande og førebyggande tiltak. 
• Arbeide for å få ein base for luftambulansen i Vinje.
• Styrke tiltak innan psykisk helse og rus.
• Vil finansiere 8 lærlingeplasser innen helsefag.
• Å gjennomføre modellen med hovudkontor for legar i Åmot og dokterdagar i Edland og på Rauland.
• Setja større fokus på mat og matglede for eldre i kommunen. Både til dei som bur på institusjon, men og for dei som bur heime.
• Arbeide for god landambulanse med god responstid i kommunen.

Integrering
Mottak og integrering av flyktningar er ei viktig samfunnsoppgåve. Det er eit kommunalt ansvar i ein nasjonal dugnad.

Vinje senterparti vil:
• Ta imot mellom 10 og 20 nye flyktningar kvart år.
• Det gode arbeidet Vinje Kommune har gjort for å busetje og integrere flyktningar vil Vinje Senterparti støtte opp om, og sjå til at blir vidareført.
• Vaksenopplæringa skal bruke nynorsk og alt læremateriellet skal vera på nynorsk.
• Vi skal ta i bruk heile kommunen når det gjeld busetting av flyktningar.


Samferdsel:
Vinje Senterparti meiner at god og moderne samferdsel er ei av dei viktigaste verkemidla ein kan ha i distrikta for å få til ei positiv utvikling i næringsliv og folketal. For Vinje kommune vil E134 og Høgfartsbane over Haukelifjell vera avgjerande rammevilkår for å sikre nye og etablerte arbeidsplassar, samt å skapa ei positiv folketalsutvikling i framtida.

E134: Vinje Senterparti vil arbeide for vintersikker veg mellom austlandet og vestlandet , og at denne får fyrste prioritet ved neste rullering i National Transportplan. Dette vil gje det beste trafikkgrunnlaget og den beste samfunnsøkonomiske lønsemd for ei så stor samferdselsinvestering, og dermed størst positive ringverknader også for Vinje kommune.
• Me vil arbeide for at der blir bevilga pengar til regulering for ny nordre trasè.
• Me vil og at strekninga mellom Åmot og Vinje kyrkje blir utbetra i nær framtid, då denne strekninga er svært utsett for trafikkuhell. Ulykkessvingane må bort.

Høgfartsbanen: Vinje Senterparti vil arbeide for at Høgfartsbanen over Haukelifjell blir ein realitet og vil stø opp om Norsk Bane slik at dette viktige arbeidet kan halde fram.

Fylkesvegane: Vinje Senterparti vil arbeide for oppgradering og vedlikehald av fylkesvegane, som har eit stort etterslep på vedlikehaldet.

Kommunale vegar: Dei kommunale vegane skal ha god standard, og vi vil finansiere opp midlar til kommunale vegar, slik at planen for kommunale vegar kan gjennomførast.


USN
Universitetet Sør-Aust Noreg tilfører kommunen høgkompetansearbeidsplassar, studentmiljø og kompetanse. Rauland må få ein styrkt posisjon som studiestad. Det er viktig at instituttet på Rauland har ei overordna målsetjing med fokus på handverk, tradisjon og kultur innafor tre, tekstil, metall, folkemusikk og matkultur. Det vil styrkje primærnæringa / landbruket i fleire ledd. Satsing på lokalmat, gründerar, verdiskaping i regionen og reiseliv. USN kan òg syte for kvalitetssikring i desse ledda. Det er viktig å tenkje på ei skapande og utviklande framtid for bygde-Noreg, og då lyt ein satse på det me kan få til.

Ein må fremje og vera stolt av folkekulturen. USN har med instituttet på Rauland, eit framifrå høve til å styrkje truverdet og omdømmet innan kulturfaget, kulturformidlinga og Telemarks stolte tradisjonar innan desse fagområda i eit nasjonalt perspektiv.

• Vinje SP vil gjennom kommunens eigarskap i Raulandsakademiet legge til rette for at USN har gode lokalar tilpassa deira behov.
• Halde fram med å fylgje opp studentmeldinga for å legge til rette for eksisterande, og trekke nye studentar til Rauland. 
• Møte den trongen studentsamskipnaden har for nye studentbustader.
• Halde fram med og vidareutvikle samarbeidet mellom kommunen og USN med forskingsprosjekt og doktorgradstipendiatar.


GS-vegar
Vinje kommune har dei seinste åra hatt ein stor auke i aktivitet knytt til reiseliv. Dette har ført til ein stor trafikkauke langs vegane i kommunen der born og vaksne ferdast. For å trygge tilhøva for born og unge langs vegane, ynskjer Vinje Senterparti ei storstilt utbygging av nye GS-vegar dei neste åra.
Det er kostbart å bygge gang- og sykkelveg. Det er likevel gode moglegheiter for tilskot frå stat- og fylke, noko kommunen har nytt godt av dei seinste åra. Senterpartiet ynskjer i tillegg å øyremerke 28.5 millionar, eit lån som vert tilbakebetalt frå VTK i 2021, til dette føremålet. Dette, saman med tilskot frå stat- og fylke vil medføre at ein i løpet av dei neste åra kan ferdigstille dei tre øvste prioriteringane i trafikksikringsplanen: GS-veg på Haddland, Øyfjell og Austbø.


Økonomi
Vinje kommune har ein god økonomi, men det er òg utfordringer i kommuneøkonomien. Vinje Senterparti ynskjer å brukar pengar på oppfylling av punkta i valprogrammet. Ein del av dette er finansiert i budsjettet i dag, og noko kan gjerast med små justeringar i budsjettet. Noko må finansierast ved å auke inntektene og/eller prioritere bort andre ting. Fleire prosjekt vil ha tilgang på eksterne midlar.
• Vinje Senterparti vil ikkje innføre generell eigedomsskatt.
• Vinje Senterparti meiner auka aktivitet i næringslivet vil føre til auka skatteinntekter til kommunen. Næringsutvikling må difor ha høg prioritet.
• Vinje Senterparti vil arbeide for auka kraftinntekter gjennom å få regulert naturressursskatten og få justert ned kapitaliseringsrenta. Dette vil i sum utgjera mykje i den kommunale økonomien.
• Vinje Senterparti vil vera varsam med å ta opp ny lånegjeld.


Senterpartiet – Nær deg

Regjeringa Solberg er ei av dei mest sentraliserande regjeringane nokon gong. Uansett kva spørsmålet er, er svaret færre og større einingar og sentralisering. Senterpartiet meiner at dette er grunnleggjande feil. Det er kostbart, og det reduserer kvaliteten og effektiviteten på dei tenestene som samfunnet skal tilby.

 

Vinje Senterparti vil arbeide for at alle dei tenester me har bruk for skal vera nær oss. Me vil ikkje godta sentralisering av den eine tenesta etter den andre.

Me vil arbeide imot nedlegging av trafikkstasjon/oppkøyringspunkt på Dalen og på Rjukan. Me vil arbeide for å behalde dei vidaregåande skulane våre. Kollektivtilbodet ute i distriktet må ikkje svekkast. Me vil arbeide for at postverket ikkje reduserar leveringstilbodet. Me vil ikkje at helsetilbodet i regionen blir svekka.