Meny
beate3

Leder Beate Marie Dahl Eides tale til landsmøtet 2022

Ordstyrarar, kjære landsmøte.
Vi er samla til Landsmøte i ei heilt spesiell tid. Land i Europa er i krig. Kvinner og barn er på flukt. 77 år etter forrige krig som etterlot seg byar i ruinar og ettervirkningar for fleire generasjonar.

Ein krig vi aldri hadde sett for oss på ein slik måte. Så nært. Så brutalt. Unge og gamle er rykka ut av ein heilt vanleg kvardag, og drivne på flukt. Familiar vert splitta. 

Høggravide kvinner mistar livet fordi sjukehus blir bomba. 

Det er vondt. Det er uverkeleg. Det er uakseptabelt. 
Det som skjer i Ukraina er eit overgrep mot menneskerettighetar, demokrati og folkerett. Det må ta slutt!

Oppi det vonde ser vi at det norske folk har hjerterom og husrom, varme og omtanke. Frivillige stiller opp, folk opnar heimane sine. 
No er det vi som er nærområda til krigen. Det gjer noko med oss å få krigen så tett på.

 

Norge skal stille opp og hjelpe dei som no er i nød. Samtidig er det viktig å huske at dei andre konfliktene i verda desverre ikkje tek pause. Som leiar i Senterkvinnene er det viktig for meg å seie at Norge skal stille opp for alle flyktningar. Du er like velkommen uavhengig av kva land du kjem frå og vi skal ta det solidariske ansvaret vi har for å hjelpe mennesker som er offer for nød og konflikt.

 

Krig rammar alltid kvinner og barn hardast. Dei langsiktige konsekvensane av denne krigen er det ingen av oss som kan ane idag. Det vil òg påvirke vårt samfunn, som ein del av Europa og nabo med Russland i aust. 24.februar i år kjem for alltid til å markere eit tidsskille i europeisk historie. 

 

[.......]

Krig og pandemi utfordrar kvinner sine rettar. Under koronaen har vi sett at tala på barneekteskap går opp, tilgangen på grunnleggjande helsetenester blir dårlegare, forsøk på å vedta lovar som fjernar rettar blir meir vanleg.


Kampen for kvinner sine rettar er ein kamp vi må ta kvar einaste dag!
Vi treng ikkje å gå lenger enn til Polen der kvinner sidan 2020 har blitt tvinga til å bere fram foster dei veit ikkje vil overleve - eller som allereie er døde. Kvinner dør av svangerskapskomplikasjonar fordi dei ikkje får ta abort. Og det er straffbart å gje informasjon om korleis kvinner kan få gjennomført ein trygg abort, eller hjelpe ei kvinne med transport eller økonomi til å gjennomføre dette. 
I USA har fleire statar stramma kraftig inn på abortlovgivninga. 
Verdas helseorganisasjon har dokumentert at strenge abortlover ikkje fører til færre abortar. Det fører berre til færre trygge abortar. 

I Afghanistan er Taliban tilbake i leiinga. Kvinner blir nekta å arbeide. Nekta å reise uten følge av ein mann. Skular for jenter på ungdomstrinna er stengt. Der det er kombinerte skular er òg barneskular stengt. Vi veit at utdanning er heile forskjellen på korleis resten av livet blir. Jenter blir nekta grunnleggande menneskerettigheiter. I 2022.

Det å kunne bestemme over eigen kropp og eige liv er heilt grunnleggande. Kampen mot barneekteskap, for sjølvbestemt abort, for grunnleggande menneskerettighetar for alle kvinner må kjempast vidare.

Vi skal vere klar over at dei konservative og kvinnefiendtlege kreftene er godt organiserte, godt finansierte og bruker sosiale medier på ein svært kynisk måte.

Heldigvis er dei gode kreftene sterke og mange. Senterkvinnene står skulder ved skulder med kvinner som møter undertrykking på ulike vis, og vi vil gjere det vi kan for at Noreg framleis er ein global leiar for kvinner sine rettigheiter.

No er vår eigen fantastiske Anne Beathe Tvinnereim utviklingsminister, og i førarsetet for dette arbeidet! Eg er overbevist om at muligheten til at Norge skal bidra til å gjere verda betre for jenter og kvinner ikkje har vore større enn den er no!

[....] Gode landsmøte. For åtte år sidan vart eg valgt til leiar i Senterkvinnene på landsmøte i Telemark. Senterpartiet og den raudgrøne regjeringa hadde gått av etter 8 år. Erna Solberg og dei blåblå hadde inntatt regjeringskontora, med eit politisk prosjekt om å sentralisere, privatisere, slå sammen og legge ned. 

Kvar einaste dag desse åtte påfølgande åra har forrige regjering tatt landet vårt i heilt motsatt retning av dit vi vil. Arbeidet i Senterpartiet og i Senterkvinnene har i desse åra handla mykje om å vere eit tydeleg og synleg alternativ, og å bygge eigen organisasjon og vårt eige lag.

 

For å seie det sånn - det har vore 8 lange år! Det er derfor ekstra godt å stå her i dag, som leiar av Senterkvinnene, Senterpartiets kvinneorganisasjon, i eitt av to regjeringsparti! 

Vi vann valget. Vi er tilbake i regjering. 

Våre damer er på plass i regjeringskontora og på stortinget. 

Og vi er igang med å endre Norge i riktig retning.

 

DET synes eg vi skal klappe for!

[....]

 

For det utgjer ein forskjell at vi styrer landet, og at det er eit partiprogram med tydelege Senterkvinne-avtrykk, som har vore grunnlaget for regjeringsplattforma som vart forhandla fram i Hurdal. 

 

Senterkvinnene har dei siste åra fått solide politiske gjennomslag i to stortingsprogram. Partiet sin politikk er meir likestilt, utjamnande, grønare, rausare, varmare og meir solidarisk takka vere Senterkvinnene. 

 

Det har vore harde diskusjonar og politiske slag i programkomitear og i andre møter. Men, gode Senterkvinner; landsmøta i Senterpartiet har vist oss at fleirtalet i partiet vårt ligg tydeleg plassert på den politiske linja som Senterkvinnene står for, og at vi er med å pushe Senterpartiet i rett retning.

 

Senterpartiet har skjerpa kampen for at fellesskapet sine midlar til tenester ikkje skal brukast til å berike private. Offentlege midlar skal gå til barnehagedrift, ikkje i lomma til barnehagebaronar. I desse dager ser vi den dyktige justisministeren vår, Emilie, vere tydeleg på at private aktørar ikkje skal tjene for godt på å drive asylmottak.

I lag med Kjersti Toppe fekk Senterkvinnene i 2017 Senterpartiet til å gå inn for å avslutte bruken av konkurranseutsetting og anbud i barnevernssektoren. Det var ein stor seier! Dette er no regjeringa vår i gang med å gjennomføre, med nettopp Kjersti som barne- og familieminister. Eit konkret eksempel på at politisk engasjement og jobbing med saker nyttar!

 

Vi har styrka fokuset på kvinnehelse og rettigheiter, fått gjennomslag for å auke eingongsstønaden til 100 000, hegne om barnetrygda som universell ordning til alle barnefamiliar og å gje fedre sjølvstendig opptjeningsrett til foreldrepermisjon. Viktige saker for likestilling og for familiar over heile landet!

 

Vi har fått programfesta at vi skal jobbe for eit mindre kjønnsdelt arbeidsliv, for likelønn og for ein heiltidskultur i arbeidslivet.

 

Eg er glad vi fekk inn at elevar med særskilte behov skal få ha med assistentressursen sin i SFO, styrke følgetenesta til gravide som har lang reiseavstand til fødetilbud, styrke ordninga med omsorgsløn og at du ikkje skal få mindre sosialhjelp om du mottek barnetrygd.

Ikkje minst er eg glad for at vi i Senterkvinnene i to stortingsprogram har fått med forslaget vårt om utvida sjukemelding for dei med alvorlege diagnosar som er i aktiv behandling utover eitt år. Folk blir ikkje friskare av å miste store delar av inntekta si. Du skal ikkje avklarast for arbeid. Du er sjuk og skal ha fokus på å bli frisk. Alvorleg sjukdom kombinert med økonomiske problem gjer det vanskelegare for dei enkeltmenneska og familiane som vert ramma av alvorleg sjukdom. Tidskontoordning ved gradert sjukmelding som står i Hurdalsplattforma er eit konkret steg i rett retning.

[...]

I 2016 sa eg til landsmøte i Senterkvinnene at skulemat er ein reform som MÅ på plass for å utjamne sosial ulikheit. Temaet har vore på dagsorden i Senterkvinnene så lenge eg kan hugse. Og skulemat er noko som passar inn i alle slags politiske boksar, om ein er oppteken av sosial ulikheit, norsk matproduksjon, læring i skulen, kampen mot mobbing, bedre psykisk helse, folkehelse, mindre matkasting, tradisjonsmat…. Lista over politiske mål som kan nåast ved hjelp av skulemat er lang.

Det er fantastisk at vi no har fått ei regjeringserklæring der det blir slått fast at det gradvis skal innførast ei daglig sunt, enkelt skulemåltid med friheit for skulane å organisere dette sjølv. I dette ligg det håp om å endeleg få dette på plass, tillit til norske skular og kommunar, og samtidig eit stort ansvar.

 

No er det vår jobb å passe på at dette vert fulgt opp, med konkrete budsjettløyvingar frå regjering og storting, og praktisk god gjennomføring ute i kommunane. Senterkvinnene må sørge for at dette skjer i praksis!


[....]

Landsmøte, Senterkvinnene har løfta fødselsomsorg og betre fødetilbud som ei svært sentral sak, og vi har arbeidd for ei endring i finanseringa av norske sjukehus. Dette er nemleg to sider av samme sak.

 

Mange av dokke har høyrt meg seie det før. Eg gjentek det likevel:

Finansieringssystemet for norske sjukehus er gått ut på dato! Vi premierar fødselskomplikasjonar! Sjukehusa får MEIR pengar om mor har blødd mykje, må klippast, får infeksjonar eller ungen får ernæringsproblem. Men, dei får IKKJE meir pengar for å ha fleire jordmødre på vakt slik at komplikasjonar for mor og barn kan unngåast! 

No er det vi som styrer. Dette må vi få ein slutt på!

 

Og Hurdalsplattforma legg grunnlaget for nettopp det: Der står det at det skal leggast fram ei ny stortingsmelding om det heilheitlege føde- og barselstilbudet som omfattar både bemanning, følgetjenesten, heltidsstillingar for jordmødre og ein ny finansieringsmodell på fødeavdelingene som premierer faglig kvalitet. 

 

Men, damer, husk på: Skal gjennomslag i eit program eller ei regjeringsplattform bety noko så må det følgjast opp i våre prioriteringar i statsbudsjettet, forslag i Stortinget og i regjering. Her må Senterkvinnene vere på plass og passe på, minne om, skrive forslag, sette tema på dagsorden og sørge for at sakene blir gjennomført. 

[.....]

Så er det to område eg meinar Senterkvinnene må vere utålmodig på framover og stille klare forventningar til at regjeringa må levere: Meir fleksibel foreldrepermisjon og løpande barnehageopptak. 


Vi treng all arbeidskraft vi kan få i åra som kjem, og om det skal fødast nok ungar i dette landet framover, må vi ha ordningar som heng saman, og gjere kvardagen enklare for norske barnefamiliar. Vi må sikre alle ungar barnehageplass frå eitt år. Her må regjeringa sjå både på lovverket og korleis inntektssystemet er innretta. Det må bli slutt på at manglande barnehageplass hindrar kvinner i å komme tilbake i arbeid, eller gjer kvardagen så vanskeleg for familiane at folk rett og slett vel vekk det å få fleire barn.

 

Tredelt foreldrepermisjon er viktig for likestillinga, men vi forventar at regjeringa sørgar for at vi får ordningar som er tilpassa livet, tilpassa at landet er ulikt og at familiar er ulike! Den store auken i andelen som tek ulønna permisjon frå jobb er svært bekymringsfull. Og det er flest kvinner. Det gir verken likelønn eller likestilling, og er ei potensiell fattigdomsfelle sidan ein mistar rettighetar i arbeidslivet i form av sjukepengar og pensjonspoeng. 

Dei i andre parti som er i mot ei meir fleksibel ordning snakkar samtidig varmt om likelønn og likestilling. Det er på tide å la fakta komme før idelogiske skylappar, lytte til dei familiane som faktisk ikkje får kvardagen til å gå i hop med dagens rigide system, og gjere endringar. Ordningane må vere tilpassa livet, det er ikkje livet som skal tilpasse seg ordningane!


Hurdalsplattforma seier at mor må sikrast mogelegheit til å amme i tråd med helsefaglege råd. Då må det utvilsomt endringar til. 

[...]

 

FRAMOVER VALG 2023 - NOMINASJON

Landsmøte.
Vi er fortsatt ikkje ferdig med likestillingsarbeidet i politikken. Sjølv om vi har hatt kvinneleg statsminister, finansminister, stortingspresident og partileiarar så er politikken fortsatt a mans world! Ei ny undersøking viser no at kvinnelege ungdomspolitikarar ikkje ønsker å bli ordførarar.

 

Kan vi seie at vi har folkestyre i Norge når det er stort sett er godt vaksne menn som kler dei leiande posisjonane? Ordførarar og rådmenn, gruppeleiarar, utvalsleiarar, lokallagsleiarar. Kvar 5. kommune har endå ikkje hatt kvinneleg ordførar!

 

Vi veit at det er ikkje er likestilling i norske heimar. Kvinnene HAR tyngda av omsorgsarbeidet, og tek det meste av fødselspermisjonen. Vi stiller fremdeles andre forventningar til gutar og jenter når dei veks opp. Det er flest menn som har leiarstillingar i næringslivet, sjølv om kvinner tek meir og lengre utdanning. Vi må bryte desse mønstra! 

Lokalvalget 2023 står for tur - nominasjonen startar no! Vi må motivere, engasjere og inspirere damer rundt oss til å stille på valglistene til lokalvalget. Gjerne øverst på lista! Då er vi avhengig av at kvinnene seier ja! For å få det til må vi bygge nettverk, skolere damer. Vi må utfordre nominasjonskomiteane til å setje kvinner på topp. Det må vere like naturleg å spørje ei kvinneleg trebarnsmor om å stå på lista, som det er å spørje ein mannleg trebarnsfar. Mødre blir ofte møtte med: har du tid til dette som har ungar? Den kommentar får sjelden menn. Men, gode Senterkvinner: Å ha puppar, livmor og ungar gjer deg ikkje uaktuell, det gjer deg høgaktuell!

 

Barne- og familieminister Kjersti Toppe har fleire periodar bak seg som stortingsrepresentant. Ho er 6-barnsmor, og har meir enn ein gong måtte forsvare valet om å vere politisk aktiv og stortingsrepresentant. Då ho vart valt inn på stortinget i 2009 vart ho møtt med følgande spørsmål av ein journalist: Så det er du som skal la ungane dine gå for lut og kaldt vatn? 

Desverre trur eg mange fremdeles møter slike holdningar.  

 

Vi ser òg ei alvorlig utvikling knytt til netthets, truslar og negativt debattklima. Spesielt i sosiale medier, men òg elles. Mange blir skremt frå å ytre seg. Ny forskning viser at konsekvensane av dette er størst for kvinner og dei unge, som i størst grad trekker seg tilbake og let vere å ytre seg. Det er farleg for demokratiet vårt! 

Lokaldemokratiet vårt MÅ representere bredda i befolkninga. Då må damer med - heilt i toppen! Vi må legge forholda til rette, få damer inn og opp på listene og ta plassen! Senterkvinner landet over må tørre å seie: JA, eg vil bli ordførar!

 

Det er ikkje tvil om at jobben med likestilling ikkje er ferdig, verken i politikken eller i samfunnet. Då er det godt å kunne stå her som leiar for denne flotte organisasjonen og minne oss alle på den utrulege reisa Senterkvinnene har hatt dei siste åra.

 

I 2014 hadde budsjettet vårt blitt redusert til 300 000, vi hadde sekretær i 40% stilling og ikkje pengar å drive organisasjonen vår for. Vi i styret den gongen bestemte oss for å vise at Senterkvinnene ikkje var klare for sotteseng, men at vi har ei klar rolle og ein viktig plass i partiet. Eit parti som har ein ambisjon å vere eitt av landets tre store parti må ha fokus på likestilling og kvinnespørsmål!

 

Vi starta med å å få opp inspirasjons- og skoleringsarenaen Grønn inspirasjon hausten 2014. Den har vore arrangert årleg, kun avbrutt av koronaen i 2020. Ambisjonen har vore å ha topp innledarar som trekker folk, bredde i tema som gjer at mange finn det interessant - og å bruke samlinga til å sette saker som er viktig for Senterkvinnene på dagsorden. 

Det har vore ein bråte innledarar innom oss desse åra, men utanom eigne krefter frå partiet så kan eg trekke fram dei to foregåande Likestillingsombuda Sunniva Ørstavik og Hanne Bjurstrøm, og tidlegare partileiar og biskop Gunnar Stålsett. Vi har hatt veldig god timing på det faglege innhaldet, og vi sette mellom anna testregimet i Osloskulen på dagsorden med stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien og Simon Malkenes allereie i 2016 før den saka for alvor tok av nasjonalt og Malkenes fekk Fritt Ords ytringsfrihetspris i 2018. Og vi sette flyktningesituasjonen på dagsorden i 2015 gjennom blant anna Pål Nesse, som då var i Flyktningehjelpen. 

 

Så fekk vi opp arenaen Kvinner kan, for å få skolert og motivert damer inn i politikken. Og vi har jobba mykje med å påvirke dei to stortingsprogramma som har vorte vedtekne i denne perioden, for å få gjennomslag for politikken vår.

 

Vi har gått over til å bli ein eigen medlemsorganisasjon med rundt 1800 medlemmer. 
Vi har auka stillinga til generalsekretæren til 60%. Støtta frå Senterpartiet har gått gradvis oppover frå dei 300 000, og for 2022 er den no på 1 000 000 kroner. Det gir grunnlag for vidare vekst.  

 

Vi har jobba med etablering av nye fylkeslag. Agder, Østfold, Troms, Finnmark er dei siste tilskudda. Nordland er på veg, og har med ein observatør på landsmøtet i helga. Velkommen skal du vere, Anne Cecilie! Då står det kun att å få på plass lag i Vestfold og i Trøndelag - og så må vi sikre god aktivitet i fylka og medlemstilbud i heile landet. DET klarer vi! 

 

Senterkvinnene har i aukande grad blitt anerkjent som den krafta ein er og skal vere i Senterbevegelsen. Det ansvaret må forvaltast på ein klok måte, gjennom å vere ei tydeleg stemme for likestilling, likeverd og rettferdig fordeling.

 

[.....]

Landsmøte,

Noreg er eit land der det fram til no har vore relativt små forskjellar. Ein av grunnane til det er at vi har hatt ein sterk offentleg sektor. Gode velferdskommunar er grunnplanken. 
8 år med blåblå-regjering har auka forskjellane i Norge dramatisk. Pengebruken er systematisk vridd over frå offentlege budsjett til privat forbruk, ordningar som legg til rette for private aktørar er prioritert framfor å styrke kommunane og svaret på alt har alt for lenge vore sentralisering, store strukturar, samanslåing, større avstandar.

 

Dagens regjeringa jobbar for at vanlege folk skal sitte at med meir av lønninga si, og er igang med å sette ned avgifter, omfordele skattesystemet og sørge for at vi får eit samfunn med mindre forskjellar. Samtidig sitt vi i ein situasjon der pandemien har tæra på folk, mange har mista inntekter og levebrødet sitt, det har vore reallønnsnedgang. No er straumen er dyr, drivstoffet dyrt, matprisane aukar og renta på veg opp.  

 

Gode landsmøte. Eg er innmari glad for at stortingsvalget var i fjor. Og at det ikkje er Erna og co som styrer i landet i dagens situasjon. Mange har det tøft. Men, vi har ei hand på rattet i å finne dei gode langsiktige løysingane som utjamnar og gjer kvardagen bedre for folk.

 

Koronakrisa har vist oss verdien av å ha ein velferdsstat og ein offentleg sektor som kan setje inn tiltak når det trengst. Samtidig er det viktig at Stortinget framover gjer dei riktige prioriteringane slik at vi ikkje forsterkar forskjellane i samfunnet. Vi må sikre eit anstendig arbeidsliv og at rettighetene til vanlige arbeidsfolk ikkje blir svekka. Det er eg overbevist om skjer best med Senterpartiet i regjering!

 

Vår regjering brukar milliardar på å hjelpe vanlege folk med straumrekninga. Er det nokon som trur det hadde skjedd med ei knallblå regjering, som meinar at markedet skal styre det meste? Få veker før stortingsvalget hadde dåverande regjering gjort null for å førebu seg på straumsituasjonen, sjølv om stortinget hadde bedd om det

 

Vi har fått på plass ein ekstra kompensasjon til landbruket som hadde vore heilt utenkeleg under den blå regjeringa. Vi må vidare, og vi skal ha på plass ein opptrappingsplan i landbruket. Men, vi skal vere veldig glad for at landbruksministeren idag heiter Sandra og ikkje Sylvi!

 

At prisøkningane vi no ser på straum, mat og drivstoff overskyggar dei politiske gjennomslaga våre er heilt naturleg. Folk forheld seg til situasjonen her og no. Og når det blir tøffare økonomisk for folk så blir det misnøye. Vi må fortsette å jobbe for ein politikk som reduserer forskjellar. Men, vi blir ikkje gjenvalgt på det vi har gjort, men det vi vil gjere. Vi må ha visjonar og ambisjonar, og folk må merke at det betyr noko for dei.


Men, ein ting vil eg seie: La ikkje Høgre slippe unna med det dei gjorde sist vi var i regjering: nemleg å framstå som at dei vil ha meir av den politikken vi fører! Det er politisk bedrageri! Dei står for det motsatte og har arbeidd etter det dei siste åtte åra. Det er ganske utruleg at eit parti som vil ha meir privatisering og meir sentralisering i lag med Frp får framstå som meir radikale enn Rødt og SV! Vi må kle av dei, og vise til kva dei faktisk står for.

 

[.......]
Botnplanken i Senterpartiet sin ideologi er geografisk, sosial og økonomisk utjamning.  

Senterpartiet må sørge for at vi brukar vår regjeringstid til å inkludere og utjamne. Det krevst sterk politisk vilje, og det trengst eit parti som ser heile landet. Senterpartiet er dette partiet.

 

Partiprogrammet vårt startar med ei utruleg fin setning: “Senterpartiet vil bygga samfunnet nedanfrå”. Om eg skal oppsummere Senterpartiet sin politikk i ei einaste setning, så må det bli: Eit samfunn med mindre forskjellar.


Avsnitt to i partiprogrammet vårt seier noko om akkurat det: “Senterpartiet arbeider for eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske skilnadar. Rettferdig fordeling, små skilnadar, gode levekår og sosial tillit heng tett saman. Senterpartiet skal jobba for utjamning mellom samfunnsgrupper, mellom landsdelar og mellom rike og fattige land”. 

Om vi lykkast med det, om vi lar det vere rettesnora for dei politiske avgjerdene og prioriteringane vi gjer, så lykkast vi med dei andre målsetningane vi har. 

 

Eit samfunn med små forskjellar ER eit meir likestilt samfunn, eit samfunn med gode tenestar der folk bor. Der folk skattar etter evne, får etter behov. Der det offentlege driv dei grunnleggjande tenestene, og samarbeider med friviljuge, idelle og private der det er naturleg. 

 

Eit samfunn med små forskjellar er eit samfunn der vi arbeider for å nå FN sine bærekraftsmål, der hensynet til klima og miljø er høgt på dagsorden, der land sin rett til eigen matproduksjon står sterkt og der vi aukar eigen sjølvforsyningsgrad. 

 

Eit samfunn med små forskjellar har eit helsesystem som forskar på både kvinner og menn, og sørger for at kvinner sine symptom, kvinner sine sjukdommar, reaksjonar på medisin og er ivaretatt. Eit samfunn med små forskjellar satsar på kultur, idrett og folkehelse, på forebygging og limet i samfunnet vårt.

 

Eit samfunn med små forskjellar har full barnehagedekning, fleksible fødselspermisjonsordningar og ein desentralisert skulestruktur.

 

Eit samfunn med små forskjellar sørgar for breiband og mobildekning i heile landet, for tilskot til både små og store grunderbedrifter og at det er kollektivtilbud og framkommelege veiar, som er rassikra, i heile landet.

 

Eit samfunn med små forskjellar sørgar for at dei som har minst får behalde meir av inntekta si, at dei med høge inntekter bidreg meir, at avgiftene ikkje er for høge og at familiane får behalde barnetrygda sjølv om dei treng økonomisk sosialhjelp.

 

Eit samfunn med små forskjellar har eit desentralisert tilbud innan rus og psykiatri, har lavterskeltilbud ute i kommunane og kort ventetider til spesialistar i BUP og på DPS når det trengs.

 

Eit samfunn med små forskjellar ER eit menneskevenleg samfunn, som er bygd nedanfrå, der det er godt å leve og det er høg tillit mellom folk. 

 

Eit samfunn med små forskjellar ER det samfunnet vi i Senterkvinnene kjempar for.

 

Gode Landsmøte. Eg har gledd meg lenge til denne Landsmøtehelga lenge. No er vi igang! Tusen takk for oppmerksomheita og lykke til med landsmøtet!