Meny

Alexander Fosse Andersen: - Karakterer i barneskulen - nei takk!

Sp sin ungdomskandiat, Alexander F. Andersen, skriv i Hordaland Folkeblad 18. august om karakterer i barneskulen. Å innføre dette, slik Høgre og FrP vil, er ei utvikling Sp er sterkt i mot.

 Frå Hordaland Folkeblad;

Karakterar i barneskulen – nei takk!

Valet til hausten vert eit viktig skuleval. Høgre og Frp ynskjer å innføre karakterar i barneskulen. Dette er ei utvikling Senterpartiet er sterkt imot. Det vert jobba mykje med vurdering i skulen, og tilbake- og framovermelding er to sentrale omgrep. Tilbakemelding skal vera ei vurdering av den kompetansen eleven har vist på eit gitt tidspunkt, medan framovermeldingane skal vise elevane kva dei må jobba meir med. I ungdomsskulen og på vidaregåande er karakterar  ein del av tilbakemeldinga. Senterpartiet vil behalde og vidareutvikle dette, men stort karakterfokus i skulen gjer det vanskeleg å få elevane til å ”sjå bak” karakteren og få dei til å forstå kva dei må jobba meir med.

 

Det å ta mot tilbakemelding er ein modningsprosess, og det tar tid å utvikle gode dugleikar i å forstå og dra nytte av vurdering. Slik Senterpartiet ser det vil karakterar for dei yngste barna vera eit forstyrrande element i vurderinga og eit stort tilbakesteg i skulen. Senterpartiet ynskjer ein skule med høgt fokus på vurdering for læring. Skulen skal vere ein trygg læringsarena for alle elevar, der elevar, føresette og lærarar saman tek del i læringsprosessen for at elevane skal bli betre. Vurdering for læring set elevane inn i ein varig læringsprosess som vil bidra til auka læringsutbytte og gjer dei i stand til å ta kontroll over eiga læringsutvikling. Senterpartiet meiner at elevane ikkje er modne nok til å dra nytte av karakterar allereie frå 5. trinn, me seier difor nei til karakterar i barneskulen og ynskjer heller å satse på andre og meir konstruktive vurderingsformer.

 

Alexander Fosse Andersen

5. kandidat for Hordaland Senterparti

Lektor i ungdomsskulen