Meny

Attraktive kommuner og ambisiøse ordførarar

Vi har attraktive kommuner i heile Oppland, men dei manglar arbeidsplassar. Her har vi alle ein jobb å gjere, både ambisiøse ordførarar , politikarar og media.

Når ein les i media om dagen kan ein få inntrykk av at det kunn er  størrelsen det kjem an på. På leiarplass i GD blir ordførar i Gausdal, Hans Oddvar Høistad, harselert med som lite ambisiøs og redd for sentraliseringsspøkelset fordi han ikkje ukritisk vil at Gausdal skal slå seg saman med Lillehammer.

Da må eg spørje; blir det fleire arbeidsplassar i Gausdal av det?

I Skjåk, ei bygd med folketalsnedgang, er det stor søknad på dei fåe ledige jobbane som blir lyst ut. Dette gjeld både i det offentlege og i privat næringsliv. Altså; folk har lyst til å flytte til distrikta!

I kommunen er mange av søkjarane  overkvalifiserte til jobben,  alt frå reinhald til kommunal sjef. Mange av desse har anten vokse opp i Skjåk, dei har kjæreste/sambuar frå Skjåk eller dei har vore i distriktet  på ferie og ynskjer seg til desse fjell og dalstrøk.

Det distrikta treng er god vilkår for næringsutvikling og ikkje nødvendigvis  store kommuner som gjer at avstandane blir større mellom bygd og sentrum. Når det er så mange som ynskjer seg ut i distrikta, er det nettopp på grunn av dei kvalitetane som er der i dag. Engasjerande lokalmiljø og busetjing også i «dalstrøka innafor».

Dette må vi som politikarar jobbe knallhardt for å halde på. Vi treng risikokapital for etablerarar og ny verksemd, vi treng ein landbrukspolitikk som gjer det drivbart over heile landet, vi treng eit samla næringsliv som ser moglegheiter, vi treng kreativitet og entreprenørskap i skulen, vi treng ein distriktsvennleg samferdselspolitikk og sist, men ikkje minst, vi treng norsk eigarskap til og forvaltning av naturressursane våre.

Vi har snart ikkje produksjon av varer i Norge, samanlikna med tidlegare. Vi har vorte eit forbrukarsamfunn og ikkje eit produksjonssamfunn. Denne pendelen må snart snu. Vi lever i ei globalisert verd, på god og vondt. Men det er ei grense for kor lite vi skal produsere og kor mykje import vi skal ha av varer i forhold til kva vi bør produsere sjølve.

Vi har attraktive kommuner i heile Oppland, men dei manglar arbeidsplassar. Her har vi alle ein jobb å gjere, både ambisiøse ordførarar , politikarar og media.

Aud Hove, 2. kandidat fylkestinget Oppland Senterparti