Meny

Eit inntektssystem for sentralisering

Høgre, Frp og Venstre er einige om nytt inntektssystem for kommunar. Dette er eit inntektssystemet som ikkje har som mål å skape betre skular, barnehagar eller eldreomsorg. Dette er eit inntektssystem som er laga for å tvinge fram kommunesamanslåing.

Eit inntektssystem for sentralisering
Høgre, Frp og Venstre er einige om  nytt inntektssystem for kommunar. Dette er eit inntektssystemet som ikkje har som mål å skape betre skular, barnehagar eller eldreomsorg. Dette er eit inntektssystem som er laga for å tvinge fram kommunesamanslåing.

 

Regjeringspartia og Venstre seier sjølv at målet med inntektssystemet er å sikre at flest mogleg kommunar slår seg saman. Regjeringspartia og Venstre er altså opne om at kommunereforma bygger på økonomisk tvang. Ved å skrive under på avtalen har Venstre sytt for eit distriktsfiendtleg inntektssystem og gjort seg sjølv til ein garantist for regjeringa sin store sentraliseringsreform.

 

Senterpartiet vil i ved behandlinga i Stortinget legge fram eit eige forslag til endringar i inntektssystemet. Vi er trygg på at vi saman med dei andre opposisjonspartia på Stortinget vil komme fram til eit alternativt forslag som på ein helt annen måte varetek velferdstenestene i alle kommunar, enten dei er små eller store, enn det inntektssystemet som Venstre vil skapa fleirtal for.

 

Avtalen mellom H, FrP og Venstre vil ha knappast mogleg fleirtal i Stortinget. Det står på berre to stemmer. Det er oppsiktsvekkjande at regjeringa truar fram ei slik grunnleggjande viktig sak for kommunane og velferdstilbodet, med berre Venstre med på laget. Inntektssystemet  vil aldri overleve neste stortingsval, og vil bli endra. Både Ap, KrF, Sp og SV har signalisert at ein ikkje godtek økonomisk tvang, og straffar kommunar som vel å fortsetje som eigen kommune.

 

I følgje avtalen mellom Venstre, H og Frp skal kommunar som slår seg saman bli premiert. Dei skal kunne søke på ein pott på 200 millionar kroner, men når vi veit at ein sjukeheimsplass kostar om lag 1 million kroner i året, er 200 millionar eit svært lite økonomisk bidrag fordelt på heile landet, og gir kortvarig glede.

 

Om kommunar skal slåast saman, må det vere reelle argument, og ikkje frykt-argument fordi vi akkurat no har ei regjering som vil tvinge kommunar saman ut frå økonomi. Det vil endre seg. I den nasjonale debatten er det ikkje komen fram fakta som seier at større kommunar automatisk har betre demokrati, betre tenester eller betre lokalsamfunnsutvikling enn dei små. Tvert i mot er folk fornøgde med tenestene i små kommunar, og lokaldemokratiet veit vi vil svekkast i takt med at kommunegrensene blir vidare.

 

Eit inntektssystem vil ikkje vare evig, og spesielt ikkje det Venstre har skapa fleirtal for. Derfor bør ikkje dette vektleggast eller vere noko argument i folkerøystingar eller vedtak om kommunesamanslåing Legg ein ned kommunen, gjer ein det for alltid.

 

Kjersti Toppe,

Stortingsrepresentant Sp