Meny

Framtidas vidaregåande skuler i Oppland

Senterpartiet har lyfta opp satsinga på skulen som det viktigaste regionale utviklingstiltaket vi har. Skal vi vere konkuransedyktige som fylke så er vi avhengig av å bygge rett kompetanse

Fylkestinget skal i slutten av september ta stilling til dimensjonering av den vidaregåande skulen i Oppland. Målet er å rette inn vårt utdanningstilbud til å møte Opplandssamfunnets behov for framtida. Det har lagt vekt på å inkludere offentleg og privat sektor i heile fylket for å få kartlagt behovet. Alle regionane i Oppland har kome med innspel, og det har vore eit stort engasjement rundt dette arbeidet. For oss som beslutningstakarar er det viktig å få best mogleg grunnlag å fatte vedtak i neste omgang.
Størst diskusjon har det vore rundt fotball- og kulturtilbudet ved Valdres, Raufoss og Lillehammer Vgs. Underteikna var deltakar på eit ope møte på Lillehammer i vår, der det vart gjeve klare meldingar om kor positivt dette tilbudet var for dei som nytta seg av det.
Som fylkespolitikarar blir vi nå utfordra frå mange om korleis vi stiller oss til spesielt dette tilbudet. Vår oppgåve er å lytte godt til alle høyringsinnspel vi får. Alle desse er ikkje tilgjengeleg for oss enda, difor er det vanskeleg å ta stilling til dette nå. Og det ville vera uforsvarleg å gjera det med tanke på betydninga av denne saka. Det er slik sett overraskande å sjå Venstre sin Eivind Brenna alt har bestemt seg. Og dette til tross for at det i Venstre sitt program under utdanningskapittelet står, "Videre vil vi love å lytte både til skole-, elev- og lærerorganisasjonene før viktige beslutninger i forhold til undervisningssektoren i fylket fattes." Senterpartiet er enige i den formuleringa og ynskjer å lytte til alle partar i saka før vi tek stilling.
Men Senterpartiet ser absolutt det positive i idretts- og kulturtilbudet, og vårt utgangspunkt er at dette bør kunne få fortsetja. Men vi skal ta endeleg stilling til dette når vi får saka til politisk behandling.
Senterpartiet har lyfta opp satsinga på skulen som det viktigaste regionale utviklingstiltaket vi har.  Skal vi vere konkuransedyktige som fylke så er vi avhengig av å bygge rett kompetanse. Senterpartiet ynskjer fortsatt å ein desentralisert skulestruktur, for å ha gode utdanningsinstitusjonar i heile fylket. I siste 4 år har det vorte bygd, og det blir bygd mykje på våre vidaregåande skular. Nå skal vi ta stilling til kva vi skal fylle desse skulebyggene med i framtida. Det er det viktige spørsmålet i dimensjoneringssaka. Og dette har det kome inn mange gode innspel på, og fylkestinget skal ta stilling til dette den 29.-30. september.

Ivar Odnes
Fylkesvaraordførar, Senterpartiet