Meny

Fylkesårsmøtet 2014: Gode tilkoplingsvegar til E39, trygg E16

Vi krev - utgreiing om tilkoplingspunkt fra E39 som vil gje ein tverrforbindelsene med bru frå Austevoll i vest, samband til Kvinnherad og bru Os-Fusa i aust. Planane må verta innarbeidd som en del av totalprosjektet Fergefri E39 Aksdal-Bergen. - Fortgong i bygging av ny veg på den trafikkfarlege strekninga E-16 mellom Skulestadmo og Sogn grense! - Prioriter kombinasjonen ny veg og jernbane Voss-Arna inn i nye investeringsfond for samferdsel.

 

Gode tilkoplingsvegar til E39, trygg E16

 Trasèvalet for Ferjefri  E39 som no er gjort, vil gje tunge premissar for framtidig utvikling og samhandling i heile Hordaland fylke. Trasevalet  er avgjerande når det gjeld å knyta fylket tettare saman aust-vest  og nord-sør, og  for tilkopling til E134.

Hordaland Senterparti ser det  som viktig å sikra resten av Hordaland gode oppkoplingsmogelegheiter til den framtidige kyststamvegen.

 I Nasjonal Transportplan(NTP) er  hovudmålsettingane  for samferdselpolitikken er at den skal føra til: Bedre framkommelighet og reduserte avstandskostnader for å styrke konkurransekraften i næringslivet, og for å bidra til å opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret.” Dette tilseier at omsynet til næringslivet i fylket som ikkje får direkte tilknytning til kyststamvegen og må vektleggjast  sterkt . Det er store og betydelege næringsinteresser langs aksen frå Austevoll, via Fusa, Kvam, Kvinnherad og Odda som vil ha stor interesse i det. Dette vil og ha stor betydning for å kunne  jamne ut dei store skilnadene vi har  i veksten i fylket mellom ”gullkysten” og dei indre delane av fylket, og for lettare å kunne utvikla funksjonelle regionar i området.

 Hordaland Senterparti ser på det som naturleg at brusambandet over Langenuen mellom Stord og Tysnes vert lagt så langt sør som mogleg, rundt Jektevik –Hodnanes. Det er svært viktig for heile Hordaland at kommunane i aust har raske og gode kommunikasjonsårer, både regionssenteret i Sunnhordland;Stord og til Bergen. Det vil det søre brualternativet gjera.

 Det er også viktig at ilandføring av Bjørnefjordsbrua skjer på en måte som ikke skaper for store konflikter i forhold til regionale natur og friluftsverdier.

 I merknadane til Stortinget si handsaminga  av NTP bidrog Senterpartiet sterkt til å få inn formuleringa om å: be om en vurdering av om E134 som har sitt vestlige endepunkt Haugesund, også får en arm fra Jøsendal i Odda kommune og til Bergen. Fylkesvegsamband inngår også i vurderinga.”

 Hordaland Senterparti  krev difor:

  • Utgreiing om tilkoplingspunkt fra E39 som vil gje ein tverrforbindelsene med bru frå Austevoll i vest, samband til Kvinnherad og bru Os-Fusa i aust. Planane må verta  innarbeidd som en del av totalprosjektet Fergefri E39 Aksdal-Bergen.
  • At arbeidet med ei vurdering av ein framtidig arm av europa/riksvegstandard vert iverksatt snarast.

 Vidare vil Hordaland Senterparti :

  • krevja fortgong i bygging av ny veg på den trafikkfarlege strekninga E-16 mellom Skulestadmo og Sogn grense!
  • Løfta kombinasjonen ny veg og jernbane Voss-Arna som eit høgt prioritert prosjekt inn i nye investeringsfond for samferdsel.