Meny

Høyre og Frp vil rasera avismangfaldet i Hordaland!

- Hordaland er eit fylke rikt på små og store lokalaviser. Mange er glade i lokalavisa si. Det skal folk fortsatt kunne vere, seier Kjersti Toppe. Ho går hardt ut mot Høyre og FRPs forslag om store kutt i pressestøtta.

 

Høyre og Frp vil rasera avismangfaldet i Hordaland!


 - Lokalavisa er limet i lokalsamfunnet. Lokalaviser byggjer opp om samkjensle,  det levande lokalsamfunnet og demokratiet. Når Høgre vil kutta 100 millionar i pressestøtta, vil mange lokalaviser i Hordaland kunne forsvinne. Høgres marknadstenkning vil føre til eit svekka avismangfald i heile fylket. Også store nr 2 aviser vil kunne forsvinne med Høgre sin pressepolitikk. Avismangfaldet vil svekkast både i by og bygd, seier Kjersti Toppe, Senterpartiets førstekandidat i Hordaland.

 - Pressestøtta er livgivande for lokalavisene, og sjølv om tilskota for mange aviser er små, utgjer det for mange forskjellen mellom å vere eller ikkje vere. Høgre vil kutte 1/3 av pressestøtta, som i dag er på 288 millionar kroner. FrP vil gå enda hardere til verks og kutte 180 millionar kroner - over halvparten av støtta. Klart at dette vil få konsekvensar, fastslår Kjersti Toppe

 - Kutt i pressestøtta er ein klassisk kuttpost frå Høgre og FrP. Eit argument er at meiningsberande riksaviser og nummer 2 konkurranseaviser - som Bergensavisen er i Bergen - ikkje er nøytrale om dei får støtte frå staten. Vi veit at dette ikkje stemmer. Pressestøtta har tvert i mot bidratt til det avismangfaldet vi har i Norge i dag, og er viktig for lokalavisene våre,uttalar Toppe.

-  Holdninga til  Høgre er å fjerne tilskot slik at dei aviser med størst marknad vil klare seg best.  Det er ingen tvil om at Høgre og FrP sitt kutt i pressestøtta vil føre til avisnedleggingar i Hordaland , fastslår Kjersti Toppe.

- Mange vil oppleve ein fattigare kvardag utan avisa i postkassa nokre dagar i veka. Det er mykje god folkehelse i ei god lokalavis, seier Kjersti Toppe