Meny

Jordbruksoppgjer for avvikling, ikkje utvikling

Like sikkert som at våren kjem, kjem også jordbruksforhandlingane. Ei forhandling mellom Bondelaget og Bonde og Småbrukarlaget på eine sida og Staten på den andre. Ein må i utgangspunktet tru og tenkje at begge partar har som intensjon å forhandle fram eit resultat som skal gje oss eit best mogleg jordbruk.

Aud Hove, nestleiar Oppland Senterparti

Som med alt anna vil det vere delte meiningar om kva eit framtidsretta jordbruk er og kva utvikling og grep ein vil ta for å styrke produksjonen. For det er jo nettopp det som må vere målet; å fremme eit sterkt, berekraftig jordbruk i Norge som skal vere grunnmuren for norsk matproduksjon?

Når vi no ser resultatet av forhandlingane og prosessane som har gått der, kan ein lure på det!

Verken Bondelaget eller Bonde og Småbrukarlaget, som braut forhandlingane, er tilfredse med oppgjeret. Når leiar i Oppland Bondelag, Trond Ellingsbø, seier at det handla om skadebegrensing meir enn eit resultat, er det berre trist. Forhandlingskortet med å utsetje lausdriftkravet var ein joker. Skulle berre mangle om ein gjere noko med dette kravet, men da fyrst og fremst gjennom økonomiske grep. Men minst like viktig for dyrevelferda er at dyra får ut på beite.

Det har vore ei stor rasjonalisering og strukturendring innanfor jordbruket opp gjennom tidene. Frå storgardar med husmannsfolk og leiglendingar til mindre og sjølvstendige bruk og dei siste ti-åra ei sterk bruksrasjonalisering. Mykje av dette har vore ein villa politikk, men dei siste åra har stadig fleire protestert på den utviklinga som har vore. Mange meiner at no har grensa nådd for strukturrasjonaliseringa og folk er opptekne av god og sikker mat produsert med norske råvarer.

Norge har ca 4% av arealet sitt til å produsere mat på. Til samanlikning har Ukraina ca 70% til same formålet. Det betyr at vi må dyrke jorda vår med omsyn over heile landet. I Norge har vi hatt ei restriktiv haldning til til dømes sprøytemiddel og eit høgt fokus på dyrevelferd, men den strukturrasjonaliseringa vi ser konturane av no kan rokke ved dette.

Parallelt med strukturutviklinga er det færre og færre som veks opp i Norge med bakgrunn frå jordbruket og gjennom det fått erfaring og kunnskap om kva det betyr å dyrke jorda og stelle dyr 24/7. Fleire og fleire veit ikkje om noko anna enn kjøttdeigen i kjøledisken og jordbær heile året. Alt kan kjøpast for pengar, men med minst mogleg pengar vel å merke.

Parallelt med strukturutviklinga har alle andre yrke enn bondeyrket fått betre ferieordningar, pensjonsordningar og lønnsvilkår. Bonden si inntekt derimot har meir eller mindre stått roleg med unntak av dei som har kjøpt opp naboen og vorte store. Og det ser ut til å vere stikkordet til dagens regjering. La dei store bli størst mogleg utan å ta omsyn til naturgjevne forutsetningar og kva ei enda sterkare strukturrasjonalisering vil gjere med distrikts-norge.

Grunnen til at vi har det landbruket vi har i dag er marknadsregulering, fordelingspolitikk, konsesjonslov, odelslov, tollvern m.m. Ein aktiv næringspolitikk som har styrt ei utvikling. Ved å fjerne det meste av dette vil det blir meir avvikling enn utvikling. Jordbruksforhandlingane nå og generelt burde brukast til å justere utviklinga av jordbruket til større sjølvforsyning, enda betre matsikkerheit, enda mindre bruk av sprøytemiddel, meir utnytting av beite, meir kornproduksjon, mindre jordpakking, betre grøfting for å nemne noko.

Det viktigaste målet med jordbruksforhandlingane må vere å dyrke jorda over heile landet utan å forbruke den for at du og eg skal få sikker og godt mat på bordet.

Like sikkert som at vi blir svoltne er det at nokon må produsere den maten vi skal ete oss mette på. Den må betalast med pengar og ikkje med skambud levert under jordbruksforhandlingane.