Meny

Kjempar for auka tryggheit og kortare responstid for ambulansetenesta

2. kandidat til Stortinget for Senterpartiet, Sigrid Bratttabø Handegard frå Jondal, reagerer sterkt på at Helse Fonna vil flytte ambulansen frå Jondal til Odda. - Tryggheit for hjelp når du treng det er viktig. Rett hjelp dei første minuttande er ofte avgjerande. Difor vert det feil av Helse Fonna å flytte ambulansen frå Jondal til Odda. For innbyggjarane i delar av kommunen vil responstida auke 2-3 gonger med ei slik flytting. Responstid på nærare ein time er uakseptabelt. Helse Fonna går her stikk i strid med signala i den offentlege debatten om beredskap. Eg vil ta saka opp med Helse og omsorgsdepartementet, via stortingsrepresentanten vår, Kjersti Toppe. Vidare vil Senterpartiet kjempe for tydelege krav til responstid, seier Sigrid Brattabø Handegard