Meny

Kjersti Toppe heldt 1. mai-tale i Odda:

- Kampen mot sosial dumping er like viktig i alle yrker

Gode arbeidsfolk!

 

Gratulerer med dagen ! Hjertelig takk for invitasjonen !

 

1.mai markerer folk over heile verda solidaritet og samhald, på tvers av yrkesgrenser og landegrenser. Mange land rundt oss opplever økonomisk krise og arbeidsledighet. I Hellas, Spania og deler av Italia og Portugal er annenkvar ungdom du møter på gatene arbeidsledig. Det snakkas om ein tapt generasjon. Krisa har utvikla seg i ei tid der EU har drive ein politikk for mest mulig marknad med friast mulig bevegelse av arbeidsfolk og kapital. Krisa forplanta seg i frå eit USA kor lovverket la til rette for økonomisk spekulasjon, nasjonalt og internasjonalt. Det som starta som ei finanskrise i bank og finanssektoren utvikla seg raskt til ei statsgjeldkrise. No er det blitt ei djup politisk krise – med utvikling av både avmakt, sinne og framvekst av udemokratiske politiske bevegelsar. Vegen ut av krisa må finnast i ein politikk med stor respekt for realøkonomi, produksjonsliv og verdien av små økonomiske forskjellar i mellom folk.

 

I Norge merkar vi krisa i EU og EØS avtalens frie flyt ved at mange kjem til oss for å arbeide. EØS- avtalen gjer det vanskeligare for dei av oss som vil at alle som arbeider i Norge, uansett nasjonalitet, skal ha norske lønns og arbeidsvilkår, og trygge pensjonsavtalar. EØS- avtalen gjer det enklare for dei som godtar eit samfunn med store økonomiske forskjellar mellom folk. Eit samfunn der stadig fleire blir lågtløna tenesteytarar, mens andre får stadig meir pengar å kjøpe deira tenester for.

 

Dei som kjem til oss og ber om pengar på gata i storbyane, er lågaste på den sosiale rangstigen i kriseramma Europa. Det seier mykje om oss korleis vi tar i mot dei aller mest utsette. Eg vil nytte høve denne 1. mai til å komme med ei oppfordring om at vi alle bidrar til anstendighet og minnast kor langt solidaritet og samhald har bragt oss i utviklinga av vårt velferdssamfunn. Vi må ta denne arven vidare, ikkje innbille oss at dette er den historiske unntakssituasjonen der det er akseptabelt å kun ty til hard lut.

 

Vi opplever ikkje ein unntakssituasjon, men er i ei tid der fattigdommen og forskjellssamfunnet har komme til oss i nye innpakningar. Det gjeld dei vi ser på gatehjørna, men også dei mange vi ikkje ser. Medmenneske som har lite i eit Norge av overflod. 1. mai er en historisk kampdag. Eg håpar at kampen i åra framover vil komme dei til gode som sitter nederst ved bordet og ikkje høyres så godt. Dei barna som har foreldre som slit med å ha råd til sunn mat, skikkelig tøy og en meiningsfylt fritid. Desse familiane blir det dessverre fleire av i Norge. Berre gode solidariske fellesskapsløysingar kan bidra til at dei vert færre.

 

Skal vi klare å modernisere et Norge med små kulturelle, sosiale og geografiske forskjellar må gamle alliansar av bygd og by, arbeider og bonde fortsette å virke. Motkreftene er for sterke til at vi har råd til å skusle bort den moglegheita dette interessefellesskapet gir og har gitt i norsk politikk.

Når jordbruket i desse dagar krev auka inntekter for trygg og sunn matproduksjon, er dette del av deiras kamp for anstendige inntekt- og arbeidsvilkår, på same måte som fagforeiningane arbeider for det same for sine. Kampen i mot sosial dumping er like viktig i alle yrker. Vi må stå i samen! Det gjeld og kampen for heile stillingar, og ei sterk arbeidsmiljølov . Stillingsvernet må styrkjast, ikkje svekkast – slik Venstre og dei andre Høgrepartia går inn for.

 

I politikk og samfunnsstyring er det slik som Gro Harlem Brundtland sa at «alt henger i samen med alt». Det er den same ideologien som gir hardare arbeidsforhold og større forskjellar som gir seg utslag i måten vi organiserer sjukehusa våre på.

 

Føretaksmodellen som sjukehusa vert styrt etter, med såkalla profesjonelle styrer og nesten utan påverknad i frå det folkevalgte Stortinget, er inspirert av private bedriftsmodellar. Innslaget av innsatsstyrt finansiering tar stor plass og er bygd på ein ideologi som ser på helse som ei vare i ein marknad.  Heile styringsforma med klinikkar på tvers av geografisk plassering, som her i Odda, er inspirert av New Public Management. Ei organisasjonsform som har vist seg å gi meir byråkrati, høgare leiarlønningar og mindre innflytelse for fagfolka over eigen arbeidsplass. Tanken om at store einingar og sentralisering er så mykje meir effektivt enn små einingar og nærleik til pasientane, er del av den same høgre- inspirerte styringsideologien.

 

Det er eit faktum at 2 av 3 pasientar kan få kvalitativ fullgod behandling på lokalsjukehusnivå.  Dei treng ikkje høgspesialiserte tilbod. Det er derfor ingen faglig årsak til å lage sjukehusgigantar som skal tilby alt. Fleire av samanslåingsprosessane som har vore har også vist seg å bli svært dyre. Lange avstandar og rasfarlege strekningar gjer folk meir utrygge. Viss ikkje sjukehusa skal vere for folk, kva skal dei då vere til for? Gode sjukehustilbod er tryggheit for helse i krevjande situasjonar. Dette tilbodet må styrast politisk av folk som kan skiftast ved val.

 

Klinikkorganiseringa på tvers gjer at det i dag ikkje finns eigen leiing på kvart sjukehus. Det gir mindre effektiv organisering og fører til vanskelige arbeidsforhold. Stadleg leiing må innførast på alle sjukehus. Det er ingen logikk i at Odda sjukehus skal ha sjefane sine i Haugesund. 

 

Eg vil gjøre det eg kan for at parolen om å slå ring om Odda sjukehus skal lykkast! Vi må kjempe for Odda som eit fullverdig lokalsjukehus med stadleg leiing, der leiinga har fullt ansvar for budsjett og tilsetting av folk.

 

I neste stortingsperiode må Stortinget ta makt over sjukehuspolitikken igjennom behandling av ein nasjonal sjukehusplan på linje med nasjonal transport plan på samferdselsfeltet. Føretaksmodellen må avskaffast og makt delegerast til regionale sjukehusstyrer utpeikt av fylkestinga. På sikt må fylka igjen bli sjukehuseigarar. Berre slik kan befolkninga igjen påverke sjukehuspolitikken ved val!

 

Godtfolk! Vi har fortsatt mykje ugjort, mykje som skal forsvarast og mykje som skal moderniserast og vidareutviklast. Mitt mål er å få dette til innanfor ein solidarisk tankegang som byggjer på den arven 1. mai symboliserer. By og land, hand i hand.

 

Tusen takk for meg, og fortsatt god feiring