Meny

Kjersti Toppe: ? jordvern er solidaritet!

Senterpartiet markerer Verdas Miljøverndag 8. juni - For å auka nasjonal matproduksjon trengs både eit sterkt importvern og eit sterkt jordvern av dyrka og dyrkbar mark. Hordaland Senterparti meiner at jordvern og lokal matproduksjon er internasjonal solidaritet i praksis, og grunnlaget for god klimapolitikk.

Verdas miljøverndag – jordvern er solidaritet

FN sin miljøverndag 5. juni har blitt markert over heile verda heilt sidan den blei oppretta etter miljøvernkonferansen i Stockholm i 1972. Det var matvare- og energikrisa tidleg på 1970 – talet som då førte til ein omfattande debatt - ikkje minst blant ungdom. Sidan den gong har vi fått meir kunnskap om klimaøydeleggingane og auka innhald av CO2 i atmosfæren som vår levemåte fører til. Denne kunnskapen må takast på alvor. Auka respekt for økologien kostar pengar på kort sikt, men er investeringar for framtida. Senterpartiet sin leiar Gunnar Stålsett formulerte dette slik på 1970-talet: « Vekst er ikkje å forbruke meir, men å forvalte betre.»

Vi opplever i dag ei internasjonal klimakrise som følgje av auka CO2 innhald i atmosfæren, med auka flom, tørke og stormar. Samtidig svelt om lag 1 milliard menneske ifølgje verdas matvareorganisasjon FAO. Verdas befolkning vil mest sannsynlig vekse frå 7 milliardar til 9 milliardar i år 2050. Det krev i følgje FAO at matproduksjonen må aukast med om lag 70 prosent innan den tid. Ein del av løysinga på klimakrisa ligg i miljøvenleg matproduksjon. Miljøvenleg matproduksjon inneber kort veg mellom produksjon og matbord. Global matvaretryggleik krev at alle land nyttar sine naturgitte føresetnader for sikker matvareproduksjon.

I Noreg har ein ikkje berre ein rett, men og ei plikt til å produsera nok, trygg og variert mat av god kvalitet for å sikra eigen matvaretryggleik til ei veksande befolkning. Auka nasjonal sjølvberging er internasjonal solidaritet i praksis. I Noreg er jordbruksareal i pengeverdi oftast meir verdt til alle andre formål enn til matproduksjon. Dette er grunnleggjande feil. Det burde vere omvendt. Å nytte matjorda til matproduksjon må vere det som gir størst gevinst og mest respekt. Men erfaringane er at jordvernet systematisk har tapt til fordel for utbygging. Derfor har og dyrkbar jord gått tapt, medan befolkninga aukar.

I 2010 stod Hordaland fylke for 10 pst. av omdisponert dyrka mark på landsbasis – dette trass i at Hordaland berre har 2,7 pst. av det totale produktive jordbruksarealet i landet. Kornareala i Noreg gjekk ned med omlag 41 000 dekar per år frå 2005 til 2012. I 2012 importerte Noreg 242.000 tonn matkorn og 854.000 tonn kraftfôr, det i følgje tall frå Statens landbruksforvaltning. Dette er rekordtal! Når Noreg baserar stadig meir av matproduksjonen på importerte fôrressursar, vert den norske sjølvforsyningsgraden og matvaresikkerheita svekka. For å auka nasjonal matproduksjon trengs både eit sterkt importvern og eit sterkt jordvern av dyrka og dyrkbar mark. Hordaland Senterparti meiner at jordvern og lokal matproduksjon er internasjonal solidaritet i praksis, og grunnlaget for god klimapolitikk. Vi vil markera Verdas Miljøverndag over store delar av fylket kommande laurdag.