Meny

Kjersti Toppe: Styrk statsarkiva!

Riksarkivar Inga Bolstad sitt forslag om å slå saman Riksarkivet og dei åtte regionale statsarkiva, Norsk Helsearkiv og Samisk arkiv til ein organisatorisk eining styrt frå Oslo, har skapt stor debatt. Eit breitt fagmiljø er tydeleg i mot forslaget.

Dei tilsette sine organisasjonar i Arkivverket har sett foten ned. Tidlegare Riksarkivarar har i kronikkar åtvara mot omorganiseringa. I BT 8/12-15 åtvara også historikarar på universitet- og høgskulenivå mot Bolstad sine sentraliseringsplanar. Alle fryktar at sentralisering av Arkivverket vil gå ut over dei lokale statsarkiva si evne til å yta arkivfaglege tenester.

 

Riksarkivaren sjølv meiner at forslaget er naudsynt for å kunne effektivisera og forenkla Arkivverket. Ho skuldar alle andre for å ikkje ha nok kunnskap om Arkivverket sin situasjon. Ho meiner tydeligvis at avvikling av statsarkiva som sjølvstendige einingar skal kunne skje i ein intern omorganiseringsprosess. Ny struktur skulle gjelde allereie frå nyttår. Nye direktørstillingar er utlyst sentralt mot tilsvarande struping av stillingar i dei regionale statsarkiva.

 

Problemet er at det Bolstad føreslår, er i strid med norsk lov. I Arkivmeldinga ( Meld.St.7 , 2012-2013) slo eit samla Storting  fast at dei åtte  statsarkiva skal vere Arkivverkets regionale nettverk. Dei regionale oppgåvene skal styrkast, ikkje svekkast. Statsarkiva skal i følgje Stortinget også kunne ta på seg oppgåver for etaten under eitt, uavhengig av geografisk tilknyting. Stortinget la vekt på at den kunnskapen som Statsarkiva har, er svært viktig for brukarane. I Arkivlova §4 blei det nedfelt at Riksarkivet, Statsarkivet , Samisk arkiv og Norsk helsearkiv skal utgjere det statlege Arkivverket.

 

Riksarkivar Bolstad  kan godt ivre for ei endring av Arkivlova, men då må ho opplyse sine tilsette og offentlegheita om det. No oppfører ho seg som ho er heva over både Storting og norsk lovverk, men hennar mandat er sjølvsagt å utvikle Arkivverket i tråd med Arkivlova og Arkivmeldinga. Hennar planar om avvikling av dei regionale statsarkiva i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger, Kongsberg, Hamar, Kristiansand og Oslo som sjølvstendige einingar, må difor stoppast. Senterpartiet har levert forslag til Stortinget om dette. Saka blir behandla i Kultur- og familiekomiteen på nyåret.

 

Kjersti  Toppe,

Stortingsrepresentant Senterpartiet