Meny

Kva skjer innanfor næring, miljø og klima i regionalt handlingsprogram?

Fylkestinget i Oppland behandler denne uka årsprognosa for Regionalt handlingsprogram for 2016. Her er komiteleder Aud Hove sitt innlegg i saken

Årsprognosa for Regionalt handlingsprogram for 2016 er informativ og svarar ut Regionalt handlingsprogram på ein pedagogisk og oversikteleg måte.

Næring

Næringsprogrammet "Bedrifter i fokus", som går mot slutten, viser gode resultat. Dette er gledeleg. Det å vidareutvikle og styrke eksisterande bedrifter og støtte opp under nye næringar og bedrifter er avgjerande for at vi fortsatt skal ha busetjing i heile Oppland. Stimulering i form av kunnskap, nettverksbygging og økonomisk støtte blir ikkje mindre viktig framover. Norge må inn i ei omstilling og da trengst det ei satsing på det private næringsliv for å gjere dei i stand til å ta ballen.

For vi i Oppland har teke ballen som regjering og Storting spelte opp tidlegare; det grøne skiftet og ein bioøkonomi som i neste omgang skal gjere oss klimanøytrale ved å skape berekraftig næringsliv og nye arbeidsplassar i ei grøn framtid. Vi har råvarene for å løyse klimautfordringane. Både forskingsmiljø og utdanningsmiljø har teke ballen og sett fokus på omstilling til ei grøn framtid.

Innovasjon Norge Innlandet støttar opp om ei bærekraftig omstilling i norsk næringsliv.  Dei har både finansiering og andre tenester for bedrifter som satsar på å løyse klima- og miljøutfordringar.

NHO Innlandet påpeiker at  verda står overfor utfordringar knytt til klimaendringer, befolkningsvekst og urolege marknader. Kva rolle kan norske bedrifter spele for å løyse utfordringane og bidra til ei betre framtid? Korleis sikrar vi lønnsame arbeidsplassar og vidare vekst i Norge? Som Åge Skinstad sa i komiteen for Næring, miljø og klima: Innlandet må ta den GULE LEDERTRØYA!

Men kva skjer? Eg hadde store forventningar til statsbudsjettet, men der var det ikkje mykje å hente for ei omstilling til ei grøn framtid! For fylkeskommunen sin del får vi 25% mindre til regional utvikling, og det i ei tid der det nettopp er utviklings- og omstillingsmiddel vi treng! Regjeringa  vil bruke 25 milliardar for å finne meir olje, men berre 50 millionar for å finne næringar som kan erstatte oljen. Vi i innlandet er klare til å erstatte oljen, men vi får altså ikkje drahjelp. Vi  har eit sterkt landbruk, vi har skogen, er store på bygg, anlegg og treindustri og vi har kompetanse, men vi manglar investeringsmiddel og rammevilkår som kan styrke både råstoffleverandørane, forskinga og bedriftsetableringane. Tenk om det kunne vore satsa 25 milliardar på dette? I slutten av oktober kjem den nasjonale bioøkonomistrategien og eg håpar verkeleg at det vil ligge noko meir der enn det som kom fram i statsbudsjettet, ellers blir det ein skral strategi for oss i Innlandet også dessverre!

Storting og regjering spelte opp ballen, vi tok den, men nå er eg redd regjeringa dempar ballen og sentrer den over til Vestlandet og ikkje til Innlandet.

Reiselivet hadde rekordår i 2015 og eit nytt rekordår i 2016. Mange vil feriere i eige land og mange vil til Norge. Dette er bra, men skapar også utfordringar der destinasjonar merkar presset med stor pågang. Eg var på møte i Braganca i Portugal førre veke der tema var klimautviklinga og den grøne turisten og det bærekraftige reiselivet vil bli vinnarane i framtida trur eg. Kan reiselivet vise til sitt klimaavtrykk vil det styrke produktet og destinasjonen. Vi har fantastisk natur, god og sunn matkultur, rein luft og reint vatn. Det må vi ta vare på for å kunne ha det dei neste 100 år også. Den miljøbeviste turisten vil har klimavennlege transportløysingar, så her har vi ein jobb å gjere.

VINK-programmet er eit godt døme på fylkeskommunen si rolle i å fremje verdiskaping knytt til natur- og kulturarv. Kulturminneplanen vil bli eit godt verkty når fylkeskommunen skal prioritere sitt arbeid med Oppland sin kulturarv. Her er det viktig med samordninga opp mot kommunane sine kulturminneplanar. Dette kan og må også sjåast opp mot reiselivet, i tillegg til at det er viktig for vår identitet og lokale historiske kjennskap og kunnskap.

Fylkeskommunen si rolle inn i nasjonalparkar, regionale planar og vannregionar må heller ikkje gløymast. Her blir det lagt ned mykje arbeid gjennom viktige prosessar og forvaltningsoppgåver. Balansegangen mellom bruk og vern må sikrast for verneformålet, friluftslivet og næringsutvikling. Det er mange aktørar og mykje lovverk å forhalde seg til!

Klima og miljø

Revisjonen av handlingsprogrammet for klima- og energiplanen skal komme i løpet av  hausten. Denne må også spegle dei ambisiøse måla vi har for eit klimanøytralt Oppland.

Sikring og formidling av funn som smeltar ut av isen er ei stor oppgåve. Ei enda større oppgåve er at breane ikkje skal smelte heilt og forsvinne! Dette var også problematisert på Euromontana for Alpeområda. Dei var redde for å miste sine vannreservoarer om breane blir borte.

Vi har satt i gang eit spennande arbeid med relevante samarbeidspartnarar for å bygge kunnskap om klimaendringane, grøn framtid og bioøkonomi hjå våre elevar i Oppland, da hovudsakleg i vidaregåande skule. Oppstarten var ein workshop på Vitensenteret.

Kunne kommentert mykje meir i årsprognosa, men avsluttar med å si at vi må ha "folkehelse i alt vi gjer". For å ha ei god folkehelse treng vi god og sunn mat, frisk luft, gode og inkluderande skular og arbeidsplassar, fritidstilbod som alle kan kjenne seg heime i og sist, men ikkje minst, eit godt klima og miljø, både for naturen og i møte mellom menneske.

For å sitere Gro Harlem Bruntland, sidan ho var på Prøysenhuset for ikkje så lenge sidan; "En bærekraftig utvikling er en utvikling som imøtekommer dagens behov uten å ødelegge mulighetene for at kommende generasjoner skal få tilfredsstille sine behov".

Eller for å sitere Anita Krohn Traaseth, Innovasjon Norge, også på Prøysenhuset, og som har teke det gamle slagordet til bøndene: "Du skal etterlate gården til neste generasjon i betre forfatning enn du selv overtok den".

Her kan du lese hele saksframlegget: http://opengov.cloudapp.net/Meetings/opplandfk/AgendaItems/Details/201970