Meny

Meir folkestyre!

Sist endret: 16 03 2017
- Ei kommunereform må gi betre tenester til innbyggjarar i heile landet. Det viktigaste er difor ikkje kor kommunegrensene skal gå, men kva oppgåver kommunane skal løyse i åra som kjem, skriv Bengt Fasterune, leiar i Oppland Sp.

Oppland Senterparti meiner ei kommunereform bør dreie seg om å gi kommunane meir makt. I dag er det ei stor detaljstyring på kva oppgåver kommunane skal løyse og korleis dei skal løysast. Tilsyn og rapportering gjer at kommunane får mindre rom til å arbeide kreativt med eigne idear og løysingar for dei tenestene dei styrer. Mange oppgåver som i dag ligg til statlige direktorat og tilsynsmyndigheiter kunne vore løyst like godt ute i kommunane.

Regjeringa sitt ekspertutval for kommunereforma legg til grunn for sine tilrådingar at interkommunale samarbeid er organisatorisk krevjande og undergrev demokratiske prosessar. Slik må det ikkje vere.  Alle kommunar, både store og små, har fleire ulike former for interkommunale samarbeid i dag, og dei største har flest. Det vil alltid vere naudsynt med samarbeid på tvers av kommunegrenser, og i mange tilfelle fungerer slike samarbeid svært godt. Dersom ein er oppteken av eit sterkt lokaldemokrati, er ei halvering av talet på kommunepolitikarar ikkje vegen å gå 

Senterpartiet har som grunnsyn at vi skal ha eit folkestyre og at vi skal ta heile landet i bruk. Dette gjeld også representasjon inn i kommunestyre og utøvande makt. Store og små kommunar har både like og ulike utfordringar, men dei har til felles at dei er gjensidig avhengige av at dei har eit samspel med aktørar rundt seg for å lykkast. Vi treng levande bygder og sterke byar der innbyggarane skapar kraft og engasjement for utvikling.

Senterpartiet har vore og vil framleis vere ein pådrivar for reformer i kommunesektoren. Reformvilje er viktig for å justere og forbetre tenestetilbodet til innbyggarane. Oppland Senterparti meiner ikkje at den kommunestrukturen vi har i dag skal fredast, men at endringane må skje utifrå lokale behov og med lokal forankring. Det er ikkje kommunalministeren, 169 stortingsrepresentantar eller lokalpolitikarar som skal ha makt til å endre kommunestrukturen, men dei som bur og lever i kommunane våre. 

Oppland Senterparti meiner ei kommunereform må føre til utflytting av statleg makt og statlege arbeidsplassar. Vi vil ha ei kommunereform som sikrar folkestyre, mindre rapportering, mindre tilsyn og ei næringsutvikling og framtidstru i heile landet! 

Bengt Fasteraune, leiar i Oppland Sp

 

Dette innlegget sto på trykk i GD og OA 24. april 2014.