Meny

No må pengane på bordet!

Sist endret: 16 03 2017
Fylkespolitiker og stortingskandidat for Senterpartiet, Beate Marie Dahl Eide, krever handling frå regjeringa etter rapporten som vart lagt fram idag, som viser at det nasjonale forfallet på fylkesvegane i landet er berekna til 55 mrd kroner.

 I verste fall er det meir. Berre for Telemark sin del er det snakk om 3 mrd kroner, om ein skal sette i stand alt av vegar, bruer og tunnellar på fylkesvegane. I tillegg kjem behovet for standardheving og fjerning av flaskehalsar. - Dette er store tal. Vi har visst at etterslepet har vore stort, men eg hadde ikkje drømt om at vi snakka om så store tall nasjonalt. Dette krev handling!, seier Dahl Eide engasjert.

Det har vore eit viktig krav frå Senterpartiet å få midlar til fylkesvegane i den nye Nasjonale transportplanen, som snart vert lagt fram. Dahl Eide sier at vegrapporten gir ei tydeleg arbeidsordre til regjeringa; Pengane må på bordet!

- Dette er viktige vegar som er skuleveg, arbeidveg, pendlarveg, kvardagsveg for mange innbyggjarar i Telemark, seier Dahl Eide. Det er dette som er kvardagsvegane!
Senterpartiet er opptatt av å tenke heile Telemark, og det å gjere noko med vegane i heile fylket har høg prioritet for oss.

- Telemark fylkeskommune er etter mitt skjønn ein god vegeigar. Ein gjer sitt beste for å ta det ansvaret ein har fått. Sist gjennom at fylkestinget, etter forslag frå Senterpartiet, tok opp 100 millioner ekstra i lån til fylkesvegane før jul. Men, enkelte stadar i Telemark er naturen i ferd med å ta tilbake vegen. Dei 100 millionane fylkestinget løyvde før jul vil hjelpe på ein liten del av dette. Men, det seier seg sjølv at med eit etterslep på 3 milliardar kroner så må staten inn og ta sin del av ansvaret, seier Dahl Eide engasjert.

- Eg har tydelege forventningar til at det ligg ein fylkesvegpakke i Nasjonal Transportplan. Dette er heilt avgjerande om vi ikkje skal få eit klasseskille på norske vegar. Fylka har ansvar for 80% av vegnettet i landet, då må også løyvinga til desse vegane stå i stil! Det å føre over vegane til fylka var rett, men det var ei heller dårleg "gavepakke" ein fekk frå staten i 2010. Vi krever at staten sender mer penger etter! Fylkeskommunane fekk noko auka løyvingar frå 2012 for å kunne ha meir til drift og vedlikehold av fylkesvegane, men med eit så gigantisk etterslep så seier det seg sjølv at her må det meir pengar inn!