Meny
Bli medlem

Olav Urbø, Tokke innstilt som ny leiar i Telemark Senterparti

Sist endret: 16.03.2017 #Telemark
Olav Urbø, frå Tokke er innstilt som ny leiar i Telemark Senterparti. Han overtek for Anne-Nora Oma Dahle som takkar nei til attval etter 4 år som fylkesleiar.

Olav Urbø er i dag 1. nestleiar i Telemark Senterparti. Han sit i fylkestinget, er medlem av samferdsleutvalet i Telemark og sit i kommunestyret i Tokke. Olav Urbø er 50 år. Han var ordførar i Tokke kommune frå 2004 til 2011.

 

Olav Urbø

 

 

Åslaug Sem-Jacobsen, frå Notodden er innstilt som 1. nestleiar i Telemark Senterparti.

Ho er varaordførar i Notodden, leiar for det nyoppretta næringsutvalet i Notodden. Vidare er ho medlem av fylkestinget og fylkeskulturutvalet i Telemark. Åslaug er 45 år.

Sem-Jacobsen er prosjektleiar og journalist med bakgrunn frå både TV2 og NRK, men fyrst og fremst det siste der ho i snart ti år har leia fleire av dei mest kjente satsingane på nett og TV for dei under 40 år: «Lydverket», «Trekant» og «Typen til». Ho hadde redaksjonelt ansvar for dei store fleirmediale festivalsommar-satsingane til NRK frå Hove, Øya og Quart store delar av 2000-talet. Ho har ellers jobba som nyheitsjournalist og kulturjournalist sidan 1997 etter endt mediehøgskole, og drive mykje med nyskaping og utviklingsarbeid i både P3, Ung- og Kulturavdelinga.

 

Åslaug Sem-Jacobsen

 

Torunn Brukåsa Kleiva er innstilt som ny 2.nestleiar i Telemark Senterparti. Torunn er formannskapsmedlem i Nome og var ordførarkandidat ved valet i 2015. Ho er også nyvalt leiar i Telemark Senterparti.

Torunn er 44 år, er utdanna som førskolelærar og jobber nå som prosjektleder i prosjektet ”Unge talenter” tilknytta NAV-kontoret i Bø. Torunn har vore  to periodar i kommunestyret i Nome.

 

Torunn Brukåsa Kleiva

 

Følgjande styremedlemmer er ikkje på valg:

Bjørn Sverre Sæberg Birkeland, Tinn, studieleiar, Per Simon Slettebø, Sauherad, styremedlem og Borgar Torbjørn Kaasa, Bø, styremedlem.
 

Elles i styret sit:

Terje Riis-Johansen, gruppeleiar i fylkestinget, Ida Riis-Johansen, leiar Telemark Senterungdom og Torunn Brukåsa Kleiva er i tillegg til foreslått 2. nestleiar leiar i Telemark Senterkvinner. Foreslått fast møtande 1. varamedlem er Knut Jarle Sørdalen frå Kragerø.

 

Innstillinga er samrøystes.

Kontaktperson: Olav Urbø, 90765726

Lars Bjaadal, leiar av valgkomiteen, 91667380