Meny

Ønsker Gjøvik som administrasjonsstad

Oppland Senterparti meiner at utifrå faglege og samfunnsmessige omsyn, så er det Gjøvik som peikar seg ut som det beste alternativet til administrasjonsstad for Innlandet politidistrikt.

                                                                                                                             Honne 14. november 2015

Plassering av administrasjonsstad for Innlandet politidistrikt

Oppland Senterparti meiner at utifrå faglege og samfunnsmessige omsyn, så er det Gjøvik som peikar seg ut som det beste alternativet til  administrasjonsstad for Innlandet politidistrikt.

Dei tre mjøsbyane er alle gode kandidatar som administrasjonsstad, men vi vil her trekke fram spesielt eit felt som Gjøvik har eit fortrinn framfor dei to andre mjøsbyane.

Utfordringane innan Cyberkriminalitet ser vi berre toppen av isfjellet av enda. Dette vil det bli langt meir av i framtida. Den kompetansen og forsknings- og utviklingsviljen som ligg til Høgskulen i Gjøvik, Center for Cyber and Information Security (CCIS) gjev gode og avgjerande fordelar for utvikling og kompetanseheving for politiet. I tillegg har vi nærleiken til Jørstadmoen og ei framtidig satsing i Forsvaret innan Cyberforsvaret som eit særs viktig moment. Dei samarbeider tett i dag og Innlandsutvalget sin rapport (1. oktober 2015) peiker på at informasjonssikkerheit bør og skal vere eit av fyrtårna til Innlandet gjennom eit tett samarbeid mellom CCIS, NorSIS, prioritering av forskningsmiddel og i nært samarbeid med Forsvaret/Jørstadmoen.

Ei kraftsamling om dette er viktig, ikkje berre for Innlandet politidistrikt, men også for politiet i heile landet. Vestoppland med Gjøvik og Hadeland har også vekst i folketalet og er eit tyngdepunkt befolkningsmessig i Innlandet. Det bør vere ei balansert utvikling kring kvar statlege arbeidsplassar blir etablert og her bør Gjøvik veljast denne gongen. Innlandet har stabilitet i forhold til arbeidskraft og ikkje rekruteringsutfordringar som det blir peikt på i høyringsnotatet. Nær-Oslo områda har sterk pendling innover, men Gudbrandsdalen og Valdres har ei meir stabil arbeidskraft og god rekruttering.

Ved å samle Hedmark og Oppland til eit politidistrikt og slå saman tre administrasjonsstadar til eit for Innlandet, må vi sjå effekten av dette i form av meir ressurar ut til nærpolitiet! Det er avgjerande å oppretthalde ein desentralisert lensmannsstruktur for å sikre lokalkunnskap og tryggleik for heile Innlandet. Nærpolitiet er ein viktig forebyggjar fordi politiet som arbeider i lokalsamfunna tidleg kan sjå teikna til kriminelle utfordringar, og kan gripe inn tidleg for å hindre at kriminelle miljø utviklar seg. Informasjonsinnhenting, kjennskap og tillit i lokalmiljøa er ein av suksessfaktorane for eit velfungerande politi. Dette må no visast gjennom prioteringar for øknomiske rammer til nærpolitiet!

Geografisk er Innlandet krevjande med lange avstandar, eit transitfylke og ulike geografiske utfordringar mellom by og bygd, fjell og flatbygder, grenseovergang til Sverige og utsette fjellovergangar.  Dette er noko av det som er spesielt for Innlandet sett i forhold til andre politidistrikt. Derfor er nærpolitiet avgjerande for at politiet skal kunne hald den beredskapen dei er sett til å ha ansvaret for. Stadig fleire ulykker og hendingar der politiet er den etaten som kjem sist til staden er urovekkande og lite effektivt.

 

Oppland Senterparti

 Bengt Fasteraune, fylkesleiar

 Ivar Odnes, gruppeleiar for fylkestingsgruppa